• Company
    Haringnett AS
  • Application deadline
    04.01.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Kraftproduksjon
  • Educational qualification
    Spesiell sertifisering
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6475995
  • Look here for other jobs from Haringnett AS
Vacancy

Haringnett AS

Energimontør

Energimontør Haringnett AS

Kraftproduksjon

Haringnett AS søkjer etter energimontør i 100% stilling.

Haringnett er det lokale nettselskapet i Kvam Herad og har ansvar for å levera trygg og stabil straum til folk og verksemder kvar einaste dag. Målet vårt er enkelt: Straumen skal fram – alltid.

Elektrifiseringa gjer at stadig fleire prosessar krev straum, og dette fører til både større aktivitet og fleire spennande oppgåver for oss. Samstundes står me midt i viktige investeringar i distribusjonsnettet. For å møte desse behova ønskjer me no å styrkja laget med fleire dyktige energimontørar.

Som energimontør hos Haringnett får du høve til å påverka kvardagen din. Me er ein liten og tett organisasjon der avgjerder blir tekne nær fagmiljøet, og der innspel frå medarbeidarane er ein naturleg del av arbeidet. Du får vera med på heile prosessen og bidra til løysingar som fungerer i praksis.

Driftsavdelinga arbeider innan fleire fagfelt, mellom anna høgspent line og kabel, lågspent line og kabel, kundetilknytingar, skoging og nettstasjonar. Me søkjer ein fleksibel fagperson som kan gå inn i ulike oppgåver etter behov.

 

Arbeidsoppgåver

  • Drift, vedlikehald og beredskap av distribusjonsnettet i Kvam Herad
  • Utbygging og vedlikehald av lågspent nettet
  • Utbygging og vedlikehald av høgspent nettet opp til 22 kV
  • Planlegging og evaluering av oppdrag/prosjekt
  • Inspeksjon og befaring av distribusjonsnettet
  • Deltaking i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Bestått fagbrev i energimontørfaget eller fagbrev i elektrikerfaget med allsidig praksis
  • Førarkort kl B

Personlege eigenskapar

  • Evna å arbeida systematisk, både sjølvstendig og som eit lag
  • Engasjement for faget
  • Vilje til å bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel
  • Likar å arbeida ute heile året
  • Handterer høgder og klatring
  • Tek HMS på alvor

Me tilbyr

  • Spennande, betydningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit arbeidsmiljø prega av trivsel og samhald
  • 7,5 timer arbeidsdag, inkl. matpause
  • Konkurransedyktige betingelsar og pensjonsordning gjennom KLP

Som vedlegg til søknad ynskjer me:

  • Oppdatert CV
  • Kopi av vitnemål/fagbrev
  • Referansar

Spørsmål til stillinga kan rettast til nettsjef: Aaron Miille, aaron.miille@haringnett.no, 412 26 686.

 

  • Company
    Haringnett AS
  • Application deadline
    04.01.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Kraftproduksjon
  • Educational qualification
    Spesiell sertifisering
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6475995
  • Look here for other jobs from Haringnett AS