Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Vaksdal kommune

Ekstrahjelp/tilkallingsvikar ved kjøkkenet på Daletunet

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved Daletunet Helsehus er det behov for tilkallingsvikar/ekstrahjelp ved kjøkkenet.

Arbeidsstad:

Ved kjøkkenet på Helsehus på Dale. Helsehuset på Dale har ei avdeling som består av langtidspasientar, pasientar på korttid og personar på avlasting.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Oppfølging med oppgåver på kjøkkenet som t.d tilbereding og oppvarming av mat
  • Oppfølging med varebestilling
  • Oppfølging med vareleveranse
  • Andre daglege kjøkkenoppgåver
  • Bistå pleiepersonalet i måltids-situasjon, t.d mating av pasientar

Krav til kompetanse

  • Krav om godkjend politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du må vera kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måtar
  • Du må handtere ein arbeidskvardag fylt med oppgåver som skal løysast parallelt
  • Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar for eige arbeid
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv
  • Løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
  • Generelt gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig, vere trygg og kunne utføre alle oppgåver kjøkkendrifta krev.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Oppærling og oppfølging i oppgåvene
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk
  •  

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04