• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    07.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5695969
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Einingsleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt, fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Giske kommune søkjer ein engasjert einingsleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt. Som vår nye einingsleiar har du eit brennande engasjement for å stadig betre kvaliteten, og du ser høg verdi i tverrfagleg samarbeid. Vidare er du oppteken av endring og nytenking og ser med glede og optimisme på dei moglegheiter som ligg i velferdsteknologi og digitalisering.

Som leiar har du eit hjarte for både brukarane og for dei tilsette, og du er oppteken av å leggja til rette for at kollegane skal ha dei beste føresetnadar for å kunne oppleve å vere i utvikling og at dei kan gjere ein god jobb. Du er oppteken av godt arbeidsmiljø, og du har eit godt auge for å rekruttere nye kompetente medarbeidarar ved behov.

Valderøy omsorgsdistrikt har 65 årsverk og har ansvar for heildøgnstilbod til eldre og sjuke, fordelt på både korttids- og langtidsplassar, dagsenter, heimetenester og storkjøkken. Valderøy omsorgsdistrikt har tilsette med god og variert kompetanse og har som overordna mål å tilby tenester med god kvalitet.       

Vi ser etter deg som likar å vere leiar i eit miljø med mange personar og yrkesgrupper, mange faglege utfordringar og som ønskjer å bidra til å utvikle pleie- og omsorgstenester for framtida. 

Einingsleiar samarbeider tett med leiarteamet sitt. Andre viktige samarbeidspartnarar er i fyrste rekkje andre leiarar i helse og omsorgssektoren, i tillegg til toppleiarteamet og til leiarforum der alle einingsleiarar deltek. Kommunalsjefen for helse og omsorg er næraste overordna.

Stillinga er ledig frå 13.05.2024.

Giske kommune er ein nynorskkommune og tilsette skriv nynorsk i saksbehandling og dialog med innbyggjarane.

I tillegg til formell kompetanse blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Relevant helsefagleg utdanning på høgskole- eller universitetsnivå, helst offentleg godkjent sjukepleiar
  • Leiarutdanning på høgskule- eller universitetsnivå, Søkjarar utan leiarutdanning, men med relevant leiarerfaring vil også bli vurdert
  • Leiarerfaring
  • Kjennskap til aktuelt lovverk
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlige egenskaper:

  • Tydeleg og synleg leiar, med inkluderande leiarstil
  • Gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
  • Beslutningsdyktig og resultatorientert
  • Evne til strategisk, langsiktig og heilskapleg tenking
  • Høg grad av gjennomføringsevne
  • Evne til å leie tilsette i omstilling og endring
  • Sjå samanheng og heilheit
  • Positiv
  • Stor arbeidskapasitet
  • Løysingsorientert
  • Evne til god dialog og samspel og å vekke engasjement

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagleg miljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Mogelegheit for eigenutvikling og stor påverknad
  • Gode kommunale forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter avtale
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    07.05.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5695969
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune