Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
27.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5692545Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Psykolog
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord kommune har ledig 100 % vikariat som kommunepsykolog i 1 år i eining Helsestasjonen avd Barn, unge og familiestøtte (BUFA)
Har du eit engasjement for barn, unge og deira familiar?Sunnfjord kommune styrkar satsinga på barn og unge. Vi har nyleg etablere eit psykisk helseteam for barn, unge og deira familiar.
Teamet skal vere eit lågterskel tilbod til barn og unge i målgruppa 0 år til og med vidaregåande opplæring, samt rettleiing til foreldre/føresette om barn og unge sin psykiske helse. Teamet skal vere eit førebyggande og behandlande psykisk helsetilbod, i samarbeid med relevante tenester.
Teamet er under utvikling og skal vere eit tverrfagleg samansett team med spisskompetanse på psykisk helse, rus, åtferd og foreldrestøtte-/rettleiing. Temaet har 16 tilsette og består av familierettleiarar, PMTO-terapeutar, psykologar, utekontakt, erfaringskonsulent, migrasjonsrettleiar, ungdomskontaktar og Home-Start koordinator.
Teamet er ei eiga avdeling under eininga Helsestasjon, med eigen assisterande einingsleiar.
Kvalifikasjonar:- autorisasjon som psykolog, ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge, samt systemarbeid
- likar å jobbe i relasjon med menneske og oppteken av barn og unge
- har gode samarbeidsevner og dialog/rettleiing med kollegaer og samarbeidspartar, tverrfagleg og tverretatleg
- har fokus på eit helsefremjande og førebyggande arbeid retta mot individ, grupper og lokalmiljø
- fungerer godt i team
- er fleksibel, lojal og likar utfordringar
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysningsfokusert
- har god datakompetanse og erfaring med dokumentasjon i fagsystem
- har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
- er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- er nytenkande og kreativ
- gyldig politiattest
- beherskar godt norsk, skriftleg og munnleg
- god IT-kunnskap
- førarkort for personbil
- utviklingsmogelegheiter og sjanse til å vere med å påverke fagutviklinga i teamet
- engasjerte kollegaer og leiarar med høgt fagleg fokus
- inkluderande miljø
- faglege utfordringar
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- gode lønsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
Tiltreding til stillinga snarast muleg etter 01.06.2024. Oppstartdato kan være før dersom du kan.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Attestar og vitnemål vert etterspurt på intervju.
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
27.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5692545Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune