• Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    23.09.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5866628
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune
  • Updated 03.09.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Vestnes kommune

Einingsleiar ved helsehuset Stella Maris

Offentlig forvaltning

Då noverande einingsleiar går over i pensjonistanes rekker vil det bli ledig 100 % fast stilling som einingsleiar for institusjonsdelen i Helsehuset Stella Maris.

Helsehuset Stella Maris er eit nytt og moderne bygg sentralt plassert i Vestnes sentrum. Eininga består av to langtidsavdelingar, ei korttidsavdeling og sentralkjøkken. Leiinga består i tillegg til einingsleiar av 4 avdelingsleiarar.

Arbeidsoppgåver:
- Drive eininga fram gjennom organisasjonsutvikling
- Overordna fag, personal og økonomiansvar
- Rapportering ved utarbeiding av styringsdokument i kommunen (årsmelding, budsjett og økonomiplan)
- Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartar for å styrke og vidareutvikle tenestetilbodet ved institusjonen og kommunen sett under eitt 

Kvalifikasjonar:
- Minimum 3-årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag
- Har, eller ønsker å ta, vidareutdanning i leiing og/eller økonomiske fag
- Det er ønskeleg med leiarerfaring
- Beherske IT-verktøy på ein god måte
- Gode samhandlings- og kommunikasjonsferdigheiter
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:
- Tek initiativ og er strukturert, engasjert og sjølvstendig
- Har endringsvilje, er løysningsorientert og kreativ
- Er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
- Har evne til å bygge relasjoner, motivere, skape involvering og medverknad

Vi søker deg som har eit brennande ønske om å vere med å påverke, utvikle og forbetre tenesteområdet til Vestnes Kommune. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:
- Spennande stilling i ei eining i utvikling
- Eit godt fagmiljø og dyktige medarbeidarar
- Lønn etter avtale
- Dagstilling med fleksitidsordning
- Kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale

Tilsetjingsvilkår:
Lønn etter avtale. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar:
Oppgi referansar

Søknad:
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess.


Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

  • Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    23.09.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5866628
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune
  • Updated 03.09.2024