• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    31.07.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6052, GISKE
    GISKE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5793870
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
  • Updated 25.06.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Giske Kommune

Einingsleiar ved Giske skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stillinga som einingsleiar og rektor ved Giske skule er ledig frå hausten 2024 i samband med at rektor byrjar i ny stilling.

Er du klar for ei ny og spennande utfordring? Kan du jobbe målretta og rasjonelt med barn og ungdom? Ser du på elevar, foreldre og tilsette som ein ressurs i lærings- og utviklingsarbeidet? Då kan det hende du er den vi søkjer. 

Giskeskulen har ambisjonar om å skape eit inkluderande og samlande oppvekstmiljø, og vi søkjer etter ein strukturert lagbyggjar med hjerte og framtidsretta kompetanse for barn og unge si læring og deira oppvekstvilkår. Grunnleggande prinsipp for Giskeskulen er:

  • barnet/ungdommen er i sentrum
  • ønska elevrolle er utgangspunkt for lærar- og leiarrollene
  • læring er sosial med fokus på samarbeid
  • barnet/ungdommen sin motivasjon og emosjonar er vektlagd
  • vi anerkjenner forkunnskap og individuelle forskjellar
  • barnet/ungdommen blir utfordra utan å verte overbelasta
  • vi planlegg for samanheng på tvers av fagområde aktivitet/grupper i og utanfor eininga

Giske skule er lokalisert på Giskeøya og er ein 1-7 skule med rundt 90 elevar og 40 barn i SFO. Visjonen til skulen er "Ein god stad å vekse" med følgande viktige nøkkelord: læring, samarbeid, undring og raus. Skulen har eit dyktig og stabilt kollegium som er vane med å samarbeide til det beste for eleven og fellesskapet.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato.

Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.

Løn etter avtale og kvalifikasjonar – god pensjonsordning i KLP.  


Kvalifikasjoner:

  • Høgare relevant pedagogisk utdanning frå universitet / høgskule
  • Rektorutdanning og/eller relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år.
  • Erfaring frå undervisning og relevant leiarerfaring
  • Kunnskap om økonomistyring og administrativt arbeid
  • Kunnskap om relevant lovverk og oppdatert kompetanse på pedagogisk utviklingsarbeid
  • God digital kompetanse
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort og kunne disponere eigen bil i tenesta

Personlige egenskaper:

  • Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiarteamet sitt  legg til rette for at andre skal få  realisere potensialet sitt for utvikling og læring
  • Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse
  • Evne til å arbeide ryddig og strukturert, ta initiativ og gjennomføre godt
  • Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar

Vi tilbyr:

  • Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
  • Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer
  • Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
  • Tett samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente leiarar innan oppvekstområdet,  i kommunen sitt tverrfaglege leiarforum og elles i Giske kommune 

Giske kommune sine verdiar er:  

  • Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
  • Løysingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
  • Engasjement - gjennom meiningsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
  • Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
     

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    31.07.2024
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6052, GISKE
    GISKE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5793870
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
  • Updated 25.06.2024