• Company
    Hustadvika kommune
  • Application deadline
    31.03.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6440, ELNESVÅGEN
    HUSTADVIKA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6555108
  • Look here for other jobs from Hustadvika kommune
Vacancy

Hustadvika kommune

Einingsleiar/Rektor i Hustadvikaskolen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du initiativrik, har engasjement og høge ambisjonar på elevane og skulen sine vegner?

Vi søkjer ein relasjonsorientert og engasjert rektor som fremjar læring og utvikling for elevar og tilsette i Hustadvikaskulen. Du ønskjer å bidra til eit positivt lærings- og arbeidsmiljø og eit godt samarbeid mellom skule og heim.

Hustadvika kommune er ein BTI-kommune, og har stort fokus på heilskap og samanheng i eit inkluderande fellesskap mellom tenesteområda. Alle rektorane i kommunen har eit heilskapleg ansvar for innhald og drift av skulen og deltek i felles nettverk. Rektor rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst, kultur og kunnskap.

Kommunen sine verdiar er Imøtekomande, Dyktig, Ansvarsfull og Respektfull (IDAR).

Hustadvika kommune har ledig rektorstilling ved Bud skule.
Bud skule er ein 1–7-skule som ligg ytst i Hustadvika kommune. Skuleåret 2025/26 er det om lag 100 elevar ved skulen.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift og det pedagogiske utviklingsarbeidet
  • Økonomi- og personalansvar
  • Vidareutvikle eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Skape samanheng mellom nasjonale føringar, kommunale satsingsområde og arbeid i eiga eining
  • Fremje tverrfagleg samarbeid og bidra til heilskap i oppvekstområdet
  • Leie etter kommunen sine verdiar
  • Bidra til godt samarbeid med føresette

Kvalifikasjonar

  • Opplæringslova sine krav om fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må vere oppfylte
  • Skuleleiarutdanning er ønskjeleg
  • God forståing for kommuneøkonomi, plan- og utviklingsarbeid
  • God system- og rolleforståing
  • Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanar

Personlege eigenskapar

  • God på relasjonsbygging og samhandling
  • Pedagogisk engasjement og fokus på eit godt læringsmiljø
  • Løysingsorientert, tydeleg og evne til å inspirere andre
  • Utviklingsorientert, målretta og strukturert
  • Gode kommunikasjonsevner

Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Det blir stilt krav om politiattest ved tilsetjing.

Vi kan tilby

  • Ei spennande, variert og utfordrande leiarstilling i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø
  • Motiverte og godt kvalifiserte kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknad
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir brukt. Vitnemål og attest(ar) blir tekne med til eventuelt intervju. Søk no og bli med på å forme framtida til elevane våre!

 

  • Company
    Hustadvika kommune
  • Application deadline
    31.03.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6440, ELNESVÅGEN
    HUSTADVIKA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6555108
  • Look here for other jobs from Hustadvika kommune