Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
29.09.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6036, MAUSEIDVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5878059Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Einingsleiar Måseide barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du jobbe saman med oss for å gi barn ein god oppvekst i Sula kommune? I Sula kommune har vi barnehagar av høg kvalitet og Måseide barnehage er ein av desse. Barnehagen har fire avdelingar og ligg plassert i Mauseidvåg. Vi legg vekt på å bygge gode relasjonar til barna, og er oppteken av at barna skal oppleve tryggleik, meistring og at dei skal få gode opplevingar.
Som leiar får du mange dyktige fagfolk med på laget ditt. Du er med i leiargruppa i kommunalområdet kultur- og oppvekst, samt at du er ein del av kommunedirektøren si mellomleiargruppe. I tillegg får du bidra til tverrfagleg utvikling og internasjonalt utdanningssamarbeid.
Sula kommune har ein organisasjonsstrategi som skal bidra til at vi nyttar vår samla kompetanse til å nå kommunen sine mål, som er å levere gode og berekraftige tenester til innbyggarane. Leiarar går føre og viser veg. Måseide barnehage vil vere ein god arbeidsplass for deg som ønsker å bidra til endring og utvikling.
Visjonen til Måseide barnehage: «Tryggheit, meistring og gode opplevingar». Les gjerne meir om oss på heimesida vår Måseide Barnehage.
Stillinga er ledig frå 01.02.25
Kvalifikasjoner:
- Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.
- Styrarutdanning/leiarutdanning, og/eller relevant leiarerfaring.
- God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
- Kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Høg digital kompetanse.
- God økonomisk kompetanse.
- Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg framstilling. Tenestemål i Sula kommune er nynorsk
- Gyldig politiattest nyare enn 3 mnd, må leggast fram før oppstart i stillinga.
Personlige egenskaper:
Vi søker etter ein leiar som:
- er løysingsorientert, nytenkande og utviklingsorientert. Ein inspirerande leiar som set tydeleg retning.
- er strukturert og systematisk i sitt arbeide med å oppnå gode resultat.
- identifiserer seg med kommunen og barnehagen sin visjon og verdiar.
- er open og ærleg med ein naturlig autoritet som skaper positivt engasjement i arbeidsfellesskapet.
- har evne til å ivareta og videreutvikle barnehagen sin kultur og sitt leike- og læringsmiljø.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
- Engasjert og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsfellesskap.
- Godt samarbeid mellom leiarane i barnehagane og tverrfaglege samarbeidspartar.
- Lønn etter gjeldande tariff. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
- Gratis parkering
Nærare opplysningar om stillinga – ta kontakt med kommunalsjef Ragnhild Hanken Skjong el. HR-leiar Liv-Hilde Ruud
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
29.09.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6036, MAUSEIDVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5878059Se her for andre jobber fra Sula kommune
-
Ledige stillingar som barnehagelærar i Fjaler kommune
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Rådgjevar PPT
Giske Kommune
VALDERØYA -
Pedagogisk leiar i Røverompa barnehage - 100% fast stilling
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Spesialpedagog/Pedagogisk leiar Gjelsvik barnehage - 80% vikariat
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Einingsleiar ved Surnadal barne- og ungdomsskule
Surnadal kommune
SURNADAL