• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    26.09.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5871803
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Ledig stilling

Fjaler kommune

Ledige stillingar som barnehagelærar i Fjaler kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du genuint opptatt av barn si utvikling og oppvekst? Vi ser no etter barnehagelærar til to av barnehagane i Fjaler kommune. Våge barnehage har ledig ei 100 % fast stilling og Yksnebjør barnehage har ledig eit 100 % vikariat.

Som pedagogisk leiar vil du ha arbeidsoppgåver der du brukar din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for å skape ei ramme der barn kjenner seg som ein del av eit fellesskap; ei ramme der barn får utvikle seg og oppleve meistring. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.

Ho oss får du ein variert og kjekk kvardag saman med barna og eit godt arbeidsmiljø med ei fin aldersblanding i kollegiet. Vi har introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ og svært gode pensjons- og forsikringsordningar.

  • Våge barnehage har ledig eit 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå snarast. Vi søkjer etter pedagogisk leiar til å leie ein av våre to avdelingar i barnehagen. Våge barnehage ligg ytst i Fjaler kommune, vi har ein ny fin barnehage med ca. 20 barn

  • Yksnebjør barnehage har ledig 100 % vikariat som pedagogisk leiar frå 1. januar 2025 og ut barnehageåret 2024/25. Yksnebjør barnehage har 49 barn fordelt på seks avdelingar  Vi ligg høgt og flott til med eit allsidig uteområde. Vi har flott utsyn over Dalsfjorden og har nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek og sentrum.

Kvalifikasjonar:
  • Høgskuleutdanning som barnehagelærar
  • Fagarbeidarar kan søkje, men ved evt. tilsetting set vi som villkår at du er under utdanning eller startar på utdanning som barnehagelærar hausten 2025
  • Gode norskkunnskapar - både skrifteleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest

Om deg
  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg

 

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    26.09.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5871803
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune