Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
25.09.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4090901Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 10.09.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Einingsleiar for bemanningssenteret
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du lyst på ei spennande utfordring?
Sunnfjord kommune, sektor omsorg, skal etablere, utvikle og drifte ei heilt ny eining - eit Bemanningssenter. Vi søker etter ein einingsleiar til å gjere dette arbeidet.
Bemanningssenteret skal være ei eining som tilbyr kompetanse og arbeidskraft ved fråvær i einingane. I første omgang startar vi med einingane i omsorgssektoren. Eininga skal ha kompetanse på lov og avtaleverk knytt til turnus/arbeidsplanar, og ha gode kunnskapar på vårt ressursprogram (RS).
Du vil verte ein del av ei drivande kjekk og kunnskapsrik leiargruppe.
Arbeidsoppgåver:- ansvar for tenestekvalitet, økonomi, personale, og helse, miljø og tryggleik
- være med å leie og utvikle avdelinga og medarbeidarar i tråd med Sunnfjord kommune sine målsettingar og retningslinjer
- sikre gode og kostnadseffektive tenester og ressursutnytting innan tildelte økonomiske rammer
- sikre rett kompetanse i eininga
- sjå ressursar og behov på tvers av einingane i omsorg
- utvikling og forbetring av rutinar i samarbeid med einingane i omsorg
- systemansvarleg/superbrukar for ressursprogrammet RS
- rettleiing i lov og avtaleverk, knytt til turnusplanarbeid
- andre oppgåver kan komme til
Det kan bli aktuelt etter kvart å bygge ut eininga slik at den og tilbyr kompetanse og arbeidskraft til både skule- og barnehagesektoren.
Vi vil ha deg som har:- relevant høgare utdanning innan området leiing og administrasjon eller liknande
- leiarerfaring
- god økonomiforståing og erfaring
- gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg
- IT kompetanse
Relevant leiarerfaring kan kompensere for manglande leiarutdanning.
Og har desse personlege eigenskapane:- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- fleksibel, kreativ, nytenkjande og løysingsorientert
- evne til å skape samhald og eit godt arbeidsmiljø
- stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- gode utviklingsmoglegheiter
- engasjert leiargruppe
- god samhandling
- tillit, mykje ansvar og nødvendig myndigheit
- god og tilstadeverande leiing
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- leiaravtale som tydeleggjer forventningar til stillinga
- gode løns-, pensjons- og forsikringsordningar
Sunnfjord kommune har etablert omsorgstenester i sentrumsområda, Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesteområda er institusjon, heimetenester, bu- og miljøteneste og butiltak psykisk helse. Vi har spesialiserte tenester innan rehabilitering og korttidseining.
Som tilsett i Sunnfjord kommune identifiserar du deg med våre verdiar; engasjert, inkluderande og nær.
Verkar dette interessant? Ta kontakt for ein uforpliktande samtale med kommunalsjef omsorg Kirstin Bruland. Telefonnr. 57 72 20 00
Du må søke elektronisk
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
25.09.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4090901Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 10.09.2021