• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    25.09.2021
  • Sted:
    FØRDE
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4090901
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune

Einingsleiar for bemanningssenteret

Sunnfjord kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst på ei spennande utfordring?

Sunnfjord kommune, sektor omsorg, skal etablere, utvikle og drifte ei heilt ny eining - eit Bemanningssenter. Vi søker etter ein einingsleiar til å gjere dette arbeidet.

Bemanningssenteret skal være ei eining som tilbyr kompetanse og arbeidskraft ved fråvær i einingane. I første omgang startar vi med einingane i omsorgssektoren. Eininga skal ha kompetanse på lov og avtaleverk knytt til turnus/arbeidsplanar, og ha gode kunnskapar på vårt ressursprogram (RS).

Du vil verte  ein del av ei drivande kjekk og kunnskapsrik leiargruppe.

Arbeidsoppgåver:
  • ansvar for tenestekvalitet, økonomi, personale, og helse, miljø og tryggleik
  • være med å leie og utvikle avdelinga og medarbeidarar i tråd med Sunnfjord kommune sine målsettingar og retningslinjer
  • sikre gode og kostnadseffektive tenester og ressursutnytting innan tildelte økonomiske rammer
  • sikre rett kompetanse i eininga
  • sjå ressursar og behov på tvers av einingane i omsorg
  • utvikling og forbetring av rutinar i samarbeid med einingane i omsorg
  • systemansvarleg/superbrukar for ressursprogrammet RS
  • rettleiing i lov og avtaleverk, knytt til turnusplanarbeid
  • andre oppgåver kan komme til

Det kan bli aktuelt etter kvart å bygge ut eininga slik at den og tilbyr kompetanse og arbeidskraft til både skule- og barnehagesektoren.

Vi vil ha deg som har:
  • relevant høgare utdanning innan området leiing og administrasjon eller liknande 
  • leiarerfaring
  • god økonomiforståing og erfaring
  • gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • IT kompetanse

Relevant leiarerfaring kan kompensere for manglande leiarutdanning.

Og har desse personlege eigenskapane:
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • fleksibel, kreativ, nytenkjande og løysingsorientert
  • evne til å skape samhald og eit godt arbeidsmiljø
  • stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
Kva tilbyr vi:
  • gode utviklingsmoglegheiter
  • engasjert leiargruppe
  • god samhandling
  • tillit, mykje ansvar og nødvendig myndigheit
  • god og tilstadeverande leiing
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • leiaravtale som tydeleggjer forventningar til stillinga
  • gode løns-, pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsplassen:

Sunnfjord kommune har etablert omsorgstenester i sentrumsområda, Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesteområda er institusjon, heimetenester, bu- og miljøteneste og butiltak psykisk helse. Vi har spesialiserte tenester innan rehabilitering og korttidseining.
Som tilsett i Sunnfjord kommune identifiserar du deg med våre verdiar; engasjert, inkluderande og nær.


Verkar dette interessant? Ta kontakt for ein uforpliktande samtale med kommunalsjef omsorg Kirstin Bruland. Telefonnr. 57 72 20 00

Du må søke elektronisk

 

Velkommen som søkar!

 
  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    25.09.2021
  • Sted:
    FØRDE
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4090901
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune