Ledigt jobb

Øygarden kommune

Einingsleiar for barneverntenesta i Øygarden kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Hausten 2026 vert stillinga som einingsleiar for barnevernstenesta ledig. Vi ser etter deg som trivst med å kombinera strategisk leiing med operativt arbeid. Du blir motivert av å byggja gode relasjonar, leggja til rette for utvikling for medarbeidarane og skapa ein trygg og open organisasjonskultur.

Barnevernstenesta i Øygarden har dei siste to åra gjennomført eit omfattande og nødvendig forbetringsarbeid. Vi ønskjer ein leiar som vil byggja vidare på dette arbeidet, styrkja det som fungerer godt, og vere med å vidareutvikla tenesta.

Barn utviklar seg best når dei har trygge vaksne rundt seg og tenester som samarbeider mot felles mål. Difor arbeider barnevernstenesta etter Landsbymodellen, med utgangspunkt i prinsippet «It takes a village to raise a child». Modellen handlar i korte trekk om å setje barnet sine behov i sentrum, mobilisera ressursane rundt barnet og familien og skapa samanhengande tenester som gjev barn og unge dei beste moglegheitene for meistring og utvikling.

 

Om barnevernstenesta

Barnevernstenesta er organisert i Sektor barn og familie og har om lag 60 engasjerte medarbeidarar. Desse arbeider innan mottak, undersøking, tiltak, omsorg, ettervern, einslege mindreårige, fagutvikling og administrasjon.

I løpet av hausten 2026 flyttar tenesta frå Sartor senter til nye lokale i Skjenet 10. Øygarden kommune samarbeider med Bergen kommune om barnevernsvakt. Barnevernstenesta samarbeider tett med Familiehjelpa og med andre viktige tenester, mellom anna barnehagar, skular, familiehelsetenesta, politiet og BUP. Familierettleiarane som følgjer opp barn i fosterheim og barn som får hjelpetiltak, er organiserte i Familiehjelpa. Familiehjelpa er i tillegg kommunen sitt lågterskel psykiske helsetilbodet til barn og unge.

Våren 2025 vedtok kommunestyret Plan for førebygging og utvikling av åtferdsvanskar 2025–2029. Planen legg føringar for korleis kommunen skal organisera, prioritera og systematisera det førebyggande arbeidet. Kommunen nyttar BTI (Betre tverrfagleg innsats) som verktøy for tidleg innsats og godt samarbeid på tvers av tenestene.

Som einingsleiar for barnevernstenesta blir du ein del av eit engasjert leiarteam i sektor barn og familie. Sektoren omfattar barnevernstenesta, Familiehjelpa, Familiehelsetenesta og Lærings- og integreringssenteret. Som einingsleiar får du høve til å påverka både tenestene, samarbeidet på tvers av fagområde og utviklinga av sektoren som heilskap. Du vil leia ditt eige team i barnevernstenesta med fire dyktige avdelingsleiarar, ein jurist og to fagutviklarar. Nærmaste leiar vil vere barne- og familiesjefen. Den som får stillinga, vil få hjelp og støtte frå HR, økonomi, næraste leiar og andre støttefunksjonar i kommunen.

Dette er ein unik moglegheit til å leia ei viktig teneste i utvikling og vera med på å forma framtida for barnevernet i kommunen vår.

 

Arbeidsoppgåver:

Som einingsleiar får du ansvar for å:

  • leia og vidareutvikla barnevernstenesta i tråd med lovverk, politiske vedtak og måla til kommunen
  • ha overordna ansvar for fag, økonomi, HMS, personale og drift
  • leia og utvikla leiargruppa
  • sikra høg fagleg kvalitet, rettstryggleik og forsvarlege tenester
  • bidra til eit godt arbeidsmiljø prega av tillit, psykologisk tryggleik og læring
  • styrkja samarbeidet med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • bidra aktivt i leiargruppa i Sektor Barn og familie
  • sikra god økonomistyring og effektiv ressursbruk
  • arbeida strategisk med utvikling av tenestene til beste for barn og familiar

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • relevant høgare utdanning innan barnevern, sosialt arbeid eller anna relevant fagområde som fyller et av vilkåra i barnevernloven §15-6
  • erfaring frå kommunalt barnevern
  • leiarerfaring
  • god kjennskap til relevant lovverk og offentleg forvaltning
  • førarkort klasse B

Det er ein fordel om du har:

  • mastergrad eller relevant vidareutdanning
  • leiarutdanning
  • leiarerfaring med personalansvar, budsjett og resultatansvar
  • erfaring med organisasjonsutvikling og endringsleiing
  • erfaring med internkontroll og kvalitets- og forbetringsarbeid
  • erfaring frå tverrfagleg samarbeid
  • erfaring med å leia gjennom andre leiarar

Kven ser vi etter?

Vi ønskjer ein leiar som:

  • er trygg, stødig, tydeleg og samlande
  • byggjer tillit gjennom openheit, involvering og gode relasjonar
  • trivst med endrings- og utviklingsarbeid
  • har høg fagleg integritet og gode etiske vurderingar
  • evnar å kombinera strategisk leiing med operativ gjennomføring
  • motiverer medarbeidarar og skaper engasjement
  • tek avgjerder også i krevjande situasjonar
  • har tru på tverrfagleg samarbeid og relasjonsbasert leiing
  • ser verdien av Landsbymodellen og ønskjer å vidareutvikla denne arbeidsforma

Anna:

Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar

Vi tilbyr:

  • Ei viktig og meiningsfull leiarstilling i ein kommune i vekst
  • Eit etablert leiar- og fagteam
  • Eit tverrfagleg leiarmiljø og tett samarbeid med andre tenester for barn, unge og familiar
  • Høve til å vidareutvikle ei teneste der eit omfattande forbetringsarbeid allereie er sett i gang
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.