Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
09.08.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6662032Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Aukra kommune
Einingsleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Aukra kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert einingsleiar for eining Helse i 30 % fast stilling.
Eining Helse er ein del av sektor for helse og omsorg og omfattar legetenesta, jordmorteneste, fysioterapi, ergoterapi, helsestasjon, skulehelseteneste, samt psykisk helse og rus. Eininga har ei sentral rolle i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i kommunen, med særleg fokus på førebygging, tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og berekraftige tenester.
Aukra kommune er inne i eit spennande utviklingsarbeid, der vi skal utvikle framtidsretta berekraftige og innovative helse- og omsorgstenester til beste for innbyggjarane. Som einingsleiar får du ei viktig rolle i dette arbeidet og høve til å påverke korleis framtidas helsetenester skal utformast.
Som einingsleiar vil du ha overordna ansvar for fag, økonomi og personal innan eininga, leie avdelingsleiarane i eininga og vere ein del av kommunalsjefen si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
Overordna ansvar for drift, økonomi, fag og personal i eininga
Leie og støtte avdelingsleiarane i deira arbeid
Bidra til strategisk utvikling av helse- og omsorgstenestene i kommunen
Sikre god kvalitet, pasienttryggleik og forsvarlege tenester
Bidra til tverrfagleg samarbeid og samhandling internt og eksternt
Delta aktivt i kommunen sitt utviklings- og omstillingsarbeid
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning
Leiarutdanning er ønskjeleg. Relevant leiarerfaring kan kompensere for manglande formell leiarutdanning.
Erfaring frå leiing og utviklingsarbeid innan helse- og omsorgstenester er ønskjeleg
God økonomiforståing og kunnskap om offentleg forvaltning
Gode digitale ferdigheiter og forståing for utvikling og innovasjon i helsetenestene
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein leiar som:
er tydeleg, trygg og inkluderande i leiarrolla
har gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar
er strukturert og har god gjennomføringsevne
er utviklingsorientert og ser moglegheiter i endring og omstilling
er oppteken av å skape gode tenester gjennom samarbeid, medverknad og innovasjon
bidreg til eit godt arbeidsmiljø og motiverer medarbeidarane
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Ei spennande og utviklande leiarstilling i ein kommune med høge ambisjonar for helse- og omsorgstenestene
Deltaking i ei engasjert og aktiv tverrfagleg leiargruppe
Kommunale tilsettingsvilkår med løn etter avtale
Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stillinga er ei fast 30 % stilling og kan vere godt eigna å kombinere med klinisk arbeid eller anna relevant stilling, etter nærare avtale.
Mangfald
Aukra kommune fremjar mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi legg til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på seks månader. Ved lengre fråvær kan utvida prøvetid vere aktuelt.
Offentleg søkjarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om unntak frå søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje kan takast til følgje.
Søknad
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Søk på stilling».
Søknadsfrist: 09.08.2026
Utlyst dato: 02.07.2026
Kontaktperson
Silje Liepelt, kommunalsjef for helse og omsorg
Telefon: 918 22 250
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
09.08.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6662032Se her for andre jobber fra Aukra kommune