Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
28.07.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6655121Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Giske Kommune
Konsulent/kontormedarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig fast 100 % stilling som konsulent/kontormedarbeidar, delt mellom eining for HR og løn og eining for Økonomi.
Einingane har det overordna ansvar for økonomi, personal, løn, HR- og HMS- området, og har ei brei kontaktflate ut mot leiarar, tilsette og tillitsvalde. Som konsulent vil du delta i felles faglig utviklings- og forbetringsarbeid og ha eit tett samarbeid med kollegaer som arbeider med liknande oppgåver.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det lagt vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.
Verdt å merke seg når du søker
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden. Du lastar opp dokumenta i Webcruiter. Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Søknaden vert vurdert ut frå søknadsbrev og vedlagt informasjon og dokumentasjon. Søknadsbrevet bør tydeleg skildre kvifor du søker stillinga, og korleis dine kvalifikasjjonar og erfaringar oppfyller krav og kriteria i utlysinga.
Kvalifikasjoner:
- Relevant kontorfagleg utdanning og gjerne praksis frå liknande arbeid
- Fordel med kjennskap til helse- og omsorgstenester
- Fordel med kjennskap til lov- og avtaleverk
- God digital kompetanse og kunne beherske dei vanligaste IKT-verktøy godt (Visma Enterprise, Exel, Words, Kvalitetssystem, Visma Flyt ressursstyring eller tilsvarande)
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlige egenskaper:
- Gode kommunikasjons og samarbeidseigenskapar
- Evne til å handtere hektiske dagar og ha mange ballar i lufta samtidig
- Må vere positiv og imøtekomande, utstrakt serviceinnstilling og vere på tilbodssida
- Nøyaktig og strukturert, samt evne til å halde god orden
- Fleksibel, positiv og påliteleg.
- Evne til å prioritere arbeidsoppgåver
- Evne til å møte nye krav og endringar i oppgåver og struktur
Du må kunne relatere deg til verdigrunnlaget i Giske kommune, der det daglege arbeidet skal vere prega av Respekt, Løysingsvilje, Engasjement og Kvalitet.
Vi tilbyr:
- Eit godt fagleg miljø med engasjerte medarbeidarar
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Løn og arbeidsvilkår på vanlege kommunale vilkår
- God pensjonsordning i KLP
- Gratis parkering
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Alle søkarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Du kan søke om unntak. Det må ligge føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkobinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing i målet om å levere best moglege tenester.
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
28.07.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6655121Se her for andre jobber fra Giske Kommune
-
Konsulent/kontormedarbeidar
Giske Kommune
VALDERØYA -
Lønskonsulent 100 % vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
Merkantil koordinator i HAFS barnevernteneste - 100 % fast stilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Feiarinspektør 100% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsefagarbeidar 100% vikariat - Ågotnes skule
Øygarden kommune
STRAUME