Ledig stilling

Framtidsfylket AS

Vil du jobbe tett på næringslivet og bidra til at Drivkraft blir synleg?

Drivkraft søker trainee: Næringsutvikling og kommunikasjon

Bemanning og rekruttering

Hos oss får du ein sjeldan sjanse til å vere med i oppstarten av ei ny, langsiktig satsing på næringsutvikling.

 

Drivkraft er ei nyetablert stifting som skal bidra til vidare utvikling av næringslivet i Sogn og Fjordane. Drivkraft er eit initiativ frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane, bygd på eit sterkt verdigrunnlag og med ein startkapital på 100 millionar kroner. Ambisjonen er klar: Drivkraft skal vere ein pådrivar for utvikling av både eksisterande og nytt næringsliv i regionen.

No ser vi etter ein trainee som vil vere med og bygge opp noko nytt og forme organisasjon og kommunikasjon. Du blir ein sentral administrativ ressurs i eit lite team, og får jobbe tett med dagleg leiar i oppbygginga av stiftinga. Dette er ei rolle for deg som trivst med ansvar, variasjon og høg grad av sjølvstende.

Eit år med brei erfaring og fagleg utvikling

Arbeidskvardagen vil vere variert. I ein liten administrasjon får du høve til å vere med frå ide til gjennomføring, noko som betyr at du vil få eit år med brei erfaring og fagleg utvikling. Døme på arbeidsoppgåver er:

  • Bistå teamet i administrative oppgåver og dagleg drift
  • Bidra til å utvikle rutinar, struktur og aktivitetar
  • Synleggjere Drivkraft i sosiale medium
  • Ansvar for nettsider og andre digitale flater
  • Skrive og produsere innhald til ulike kanalar
  • Praktisk oppfølging av aktivitetar og prosjekt

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som likar å få ting gjort. Du skriv godt, jobbar strukturert og tek ansvar. Du trivst med varierte oppgåver og er komfortabel med å jobbe på eiga hand – samstundes som du bidreg godt i eit lite team. Du har interesse for næringsliv og samfunnsutvikling, og eit ekte engasjement for Sogn og Fjordane, og du må rekne med å reise ein del rundt i regionen. Relevant utdanning innan økonomi/næring/finans er ein fordel, men motivasjon og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Kvifor velje oss?

Hos oss får du ein sjeldan sjanse til å vere med i oppstarten av ei ny, langsiktig satsing på næringsutvikling. Du får jobbe tett med leiinga med ein kvardag prega av tillit, ansvar og variasjon. Samstundes vil du gjennom Framtidsfylket og lokalisering på kontorfellesskapet PEAK Sunnfjord vere del av eit nettverk av andre unge og nyutdanna.

Vi tilbyr:

  • Ei unik rolle i etableringsfasen av ei ny stifting
  • Ei variert rolle med både administrative og kommunikative oppgåver
  • Innsikt i og erfaring frå arbeid med næringsutvikling
  • Tilgang til eit sterkt og spennande nettverk

Vil du vere den første Drivkraft-traineen?

Vi håpar å høyre frå deg. Kontakt dagleg leiar Alfred Bjørlo om du ønsker å vite meir om stillinga, eller send oss ein søknad.

Arbeidsstad: Peak Sunnfjord, Førde.

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august til august.