Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
19.03.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6544560Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Driftsoperatørar, bygg og utleigebustadar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
(To faste stillingar, 100 %)
Vil du ha ein praktisk jobb der du jobbar med bygg, utstyr og menneske i kvardagen?
Me søkjer to driftsoperatørar som skal vere bindeledd mellom utleigebustadane, hjelpemiddelsentralen og teknisk drift. Du får ein variert arbeidsdag med både praktiske oppgåver og kontakt med innbyggjarar.
Arbeidsstaden er hovudsakleg Sogndal, men du må rekne med oppdrag i heile kommunen ved behov.
Kva du skal jobbe med:
Hovudtyngda av arbeidet er knytt til utleige og drift av kommunale bustadar.
Utleigebustadar
Du hjelper til ved inn- og utflytting, er kontaktpunkt for leigetakarar i praktiske spørsmål og utfører førefallande vedlikehald inne og ute. Du deltek i oppussing mellom leigeforhold og samarbeider tett med einingane som tildeler bustadane.
Hjelpemiddel:
Du køyrer ut hjelpemiddel til innbyggjarar og bidreg med enkel montering og praktiske oppgåver.
Vedlikehald i helsebygg
Du hjelper sjukeheimen med praktiske vedlikehaldsoppgåver og utbetring av teknisk utstyr. Dette er ikkje helsefagleg arbeid.
Byggdrift elles
Ved ledig kapasitet støttar du driftsavdelinga med andre oppgåver.
Arbeidet skjer i tett samarbeid med driftsoperatørar og formenn i teknisk drift, og du brukar tenestebil i arbeidstida. Du blir del av eit triveleg fagmiljø med kollegaer som arbeidar tett i kvardagen.
Kven me ser etter:
Du kan ha fagbrev som tømrar, røyrleggjar, elektrikar, malar eller anna teknisk fag. Solid praktisk erfaring frå byggdrift og vedlikehald kan vege opp for manglande fagbrev.
Me ser etter deg som:
- Er omgjengeleg og trygg i møte med ulike menneske
- Kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar
- Trivst med praktisk arbeid og varierte oppgåver
- Har teknisk forståing og kan handtere vedlikehald, utstyr og enkle reparasjonar
- Meistrar norsk munnleg godt
- Kan bruke pc, mobil og enkle digitale verktøy
Har du språkkompetanse som kan vere nyttig i møte med leigetakarar frå ulike land, er det eit pluss.
Det kan bli aktuelt å be om politiattest, då arbeidet inneber kontakt med sårbare grupper.
Me tilbyr:
- Ein praktisk jobb med ansvar og varierte oppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Velferdsordningar i tråd med kommunen sine avtalar
- Løn etter avtaleverket
Litt om oss
Sogndal kommune har om lag 12 000 innbyggjarar og rundt 1200 medarbeidarar.
Me leverer tenester kvar dag til innbyggjarar i alle aldrar, og ønskjer å vere ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune.
Me ønskjer mangfald i arbeidsmiljøet vårt, og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje – uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller bakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Prøvetida er seks månader. I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering
Send søknad og relevante vedlegg gjennom EasyCruit innan søknadsfristen.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
19.03.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6544560Se her for andre jobber fra Sogndal kommune