Vacancy

Hemsedal Kommune

Driftsoperatør vatn og avløp

Offentlig forvaltning

Hemsedal kommune har ledig 100 % fast stilling som Driftsoperatør VA ved driftsavdelinga.

Vi søker etter ein ansvarsbevisst, sjølvstendig og allsidig person. Arbeidet som driftsoperatør medfører sjølvstendig arbeid og dermed også eit stort ansvar.

Arbeidsoppgåver

  • Tilsyn, drift og vedlikehald av avløpsrenseanlegg og vassverk
  • Tilsyn og drift av høgdebasseng, pumpestasjonar og ledningsnett for vatn og avløp
  • Oppfølging med styringssystem
  • Delta i planlegging og gjennomføring av prosjekter innanfor avdelinga
  • Delta i andre arbeidsoppgåver etter behov

Arbeidstid

Måndag til fredag Kl. 07:00 - kl. 15:00. Deltaking i beredskapsvaktordning med ei vekesvakt ca. kvar 4 veke frå fredag til fredag mellom kl. 15:00-07:00. Beredskapsvakta har heimevakt med responstid på maks 1 time.   

Ynskja kvalifikasjonar

  • Kompetanse eller erfaring innan drift av leidningsnett eller prosesstyring av VA-anlegg
  • Erfaring frå tilsvarande verksemder
  • Fagbrev innanfor relevant fagområde
  • God generell IT-kompetanse
  • Driftsoperatørkurs eller være villig til å gjennomføre slike kurs
  • Må beherske norsk skrifteleg og munnleg

 Førarkort klasse B er eit krav.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, men samtidig stor evne til å arbeide sjølvstendig
  • Resultatorientert holdning
  • Positiv innstilling til de utfordringer stillingen innebærer

Den som vert tilsett må delta i avdelinga si utvikling. Personlege- og sosiale eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • ein spennande arbeidsplass med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • arbeids- og lønsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

Krav til helsedokumentasjon
Ved tilsetting er det krav om eigenmelding om Tuberkulose. Du kan også bli pålagt å ta tuberkulose prøve om du har vært utsett for smitterisiko. 

Krav til kompetansedokumentasjon 
Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert. 

Vitnemål og attester skal lastas opp som en del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.  

Kontaktperson
Bjørn Olav Viken, Leder Teknisk drift, mobil 970 58 826, e-post: bjorn.viken@hemsedal.kommune.no