• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    01.03.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6521681
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Ledig stilling

Fjaler kommune

Driftsoperatør VA til driftssentralen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ein av våre tilsette skal ut i pensjon og vi har ei ledig stilling som driftsoperatør VA (vatn og avløp) ved Driftssentralen. Driftssentralen i Fjaler kommune har fortida seks tilsette og er ein del av Teknisk kontor.

Vi ser etter ein sjølvstendig og erfaren kollega med fagbrev for drift av våre vassverk og avløpsreinseanlegg, men vil og kunne vurdere søkjarar med allsidig kompetanse som har lang erfaring i faget. Hos oss får du ein variert og praktisk arbeidskvardag med drift og vedlikehald av ei teneste som har ansvaret for viktig infrastruktur i kommunen. Du blir ein del av eit kollegium som jobbar med ulike drift, vedlikehaldstenester og prosjekt rundt om i heile kommunen.

Har du spørsmål til stillinga så håper vi du tek kontakt med oss. 

Arbeidsoppgåver
  • Drift og vedlikehald av kommunale vassbehandlingsanlegg, høgdebasseng, leidningsnett og trykkaukestasjonar
  • Drift og vedlikehald av kommunale avløpsreinseanlegg, leidningsnett og pumpestasjonar
  • FDV og internkontroll gjennom eigne system
  • Oppfølging av leverandørar og service avtalar
  • Utbetring av lekkasje, feil og skade på kommunale vass og avløpsnettet
  • Oppgradering og prosjektarbeid på kommunale va- anlegg
  • Vedlikehald av innreiing, maskiner og utstyr
  • Årskontroll på slokke utstyr
  • Andre oppgåver innan driftssentralen sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
  • fagbrev som røyrleggar, elektrikar, mekanikar, prosessteknikar eller anna relevant fagutdanning
  • lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • erfaring med bruk av ikt for feilsøking og dokumentasjon
  • førarkort klasse B- BE
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • søkjar må vere villig til å ta ulike kurs som arbeidsgjevar finn naudsynt for stillinga
Ønskjelege kvalifikasjonar
  • Realkompetanse frå drift av va- anlegg
  • Realkompetanse frå bygging av va- anlegg
  • Driftsoperatørkurs
  • Førarkort T – kode 141-142 (50 km/t)
  • Stillaskurs, liftkurs og fallsikringskurs
  • Førarkort klasse C
Personlege eigenskapar
  • interesse for kommunale va-anlegg
  • god på HMT
  • vilje til fagleg utvikling
  • er sjølvstendig, strukturert og løysningsorientert
  • Likar å jobbe i team
  • har positive haldningar
  • helse til og stå i dei arbeidsoppgåvene stillinga krev
  • gode samarbeidsevner

Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga.

Vi tilbyr
  • godt kollegium i eit godt arbeidsmiljø
  • gode vilkår for fleksibilitet og utvikling med formål om å gi ei betre og meir effektiv teneste
  • ei av Noregs beste pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • fagleg relevant kursing
  • bedriftshelseteneste
  • ein variert og travel arbeidskvardag
  • lønn etter gjeldande tariff avtale og lokale avtalar, avhengig av utdanning og ansiennitet

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    01.03.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6521681
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune