• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    24.12.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6470761
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
Vacancy

Sogndal kommune

Driftsoperatør VA i Balestrand

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med og sikre reint vatn og gode avløpsløysingar i Balestrand?

Me i Sogndal kommune søkjer ein driftsoperatør for vatn og avløp (VA) som vil ta del i eit fagmiljø som har ansvar for noko av det mest grunnleggande me har; reint vatn i springen og trygge løysingar for avløp.

Om jobben
Du får hovudansvar for drift og vedlikehald av kommunale vass- og avløpsanlegg i Balestrand – frå leidningsnett og pumpestasjonar til høgdebasseng og reinseanlegg.

Det VA-tekniske er kjernen i stillinga, men me er eit lite og tett team så når alt går som det skal, vil du òg bidra i resten av teknisk drift i Balestrand.
Stillinga er 100 %, og du vil vere ein viktig del av beredskapen for vatn og avløp.

Arbeidsstaden blir i hovudsak Balestrand, både fordi beredskap krev lokal tilstadevering og fordi ferga ikkje alltid går om natta. Du rapporterer til formann på Leikanger og til leiar for VA i Sogndal kommune. 

Kven er du?
Me trur du:

  • Har fagbrev som røyrleggar
  • Har erfaring frå drift og vedlikehald av va-anlegg eller liknande arbeid
  • Har førarkort klasse BE og T
  • Handterer vanlege IT-verktøy (word, excel, teams osv.)
  • Snakkar og skriv godt norsk

Som person er du positiv, sjølvstendig og trygg i faget ditt. Du tek ansvar, men samarbeider godt når det trengst. Du trivst best når du får vere ute, ser resultatet av jobben din og veit at det du gjer har direkte betydning for folk som bur her. 

Me tilbyr

  • Ein variert og samfunnsnyttig jobb med stort ansvar
  • Høve til fagleg utvikling og opplæring i eit solid fagmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Trygg arbeidsplass i ei framtidsretta kommune
  • Ein arbeidskvardag der du faktisk ser kva innsatsen din betyr

 

Om Sogndal kommune
Sogndal kommune ligg i hjarta av Sogn, med fjord og fjell rett utanfor kontordøra. Me er regionsenter med om lag 12 000 innbyggjarar og rundt 1 300 tilsette, og me har ambisjonar om å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar. 

Praktisk:

Arbeidsstad: Balestrand
Stilling: Fast, 100 %
Oppstart: Etter avtale
Søknadsfrist:
Kontaktperson:  Torgeir Bang Leiar VA – Sogndal kommune

Administrasjonsmålet er nynorsk. Me har seks månaders prøvetid.Vas sforsyning er samfunnskritisk infrastruktur, og søkarar må vere budd på at me vil legge til grunn sikkerheitsmessig skikketheit i vurdering av aktuelle kandidatar til stillinga.


Søknad sender du via EasyCruit.

Legg ved kopi av vitnemål.

Me gler oss til å høyre frå deg!

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    24.12.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6470761
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune