Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
02.12.2022Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4839688Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 16.11.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Driftsoperatør VA
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal kommune treng teknisk personell med praktisk bakgrunn for 100% stilling ved vår eining Teknisk drift, avdeling VA som driftsoperatør.
Avdeling VA har ansvaret for utvikling, drift og vedlikehald av kommunen sine vatn- og avløpsanlegg i heile Sogndal kommune, samt bistand til kommunen sin plan- og byggesaksavdeling i deira arbeidsoppgåver knytt mot VA. Arbeidet er óg knytt opp mot sikkerheitsarbeid knytt til damanlegg, og beredskapsorganisasjon for kritisk infrastruktur
Driftsoperatørar i Sogndal kommune har eit felles driftsansvar for tre større vassverk, fire større avløpsanlegg og fleire små vatn- og avløpsanlegg gjennom heile kommunen. Tilsette har ein fast oppmøteplass med eit avgrensa ansvarsområde innanfor dette, men må rekne med at framtidige omorganiseringar kan gjeve ny oppmøteplass og nye ansvarsområder.
Arbeidet omfattar
Drift og vedlikehald av vassverk og pumpestasjonar
Drift og vedlikehald av avløpspumpestasjonar og reinseanlegg, herunder overvassanlegg i veg
Utrykking og rapportering knytt til hendingar på VA-anlegget
Må rekne med å deltake i vaktordning med overvaking.
Inngå i kommunen si beredskapsplan som personell for drift av kritisk infrastruktur
Sogndal kommune har nynorsk som administrasjonsspråk. Tilsetting i kommunen fylgjer vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Endring i arbeidsoppgåver, ansvarsområde og arbeidsstad kan førekome som følgje av omorganisering i kommunen.
Ynskjelege kvalifikasjonar
Fagbrev som røyrleggar
3 års erfaring innanfor arbeidsfeltet, fortrinnsvis som røyrleggar eller driftsoperatør innan VA. Lang erfaring kan kompensere for manglande formalkompetanse.
Gyldig ADK-1-sertifikat. Kurs blir arrangert dersom dette manglar
3+3-vekers kurs for drift av avløp- og vassbehandlingsanlegg. Kurs blir arrangert dersom dette manglar
Førarkort klasse B.
Ynskjelege eigenskapar:
Løysingsorientert
Sjølvstendig
Samarbeidsvillig
Systematisk
Fleksibel
Me tilbyr:
Variert arbeid
Godt arbeidsmiljø med gode høve for påverknad
Gode pensjonsordningar
Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
02.12.2022Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4839688Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 16.11.2022