• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    12.05.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5728166
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Driftsoperatør/byggdrifter, 100 % fast stilling ved eigedomsavdelinga

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Driftsoperatør/byggdrifter, 100% fast stilling ved eigedomsavdelinga

Eigedomsavdelinga i Gol kommune har drifts- og vedlikehaldsansvar for kommunale formålsbygg, trygde- og omsorgsbustader og grøntareal. Avdelinga består av 30 medarbeidarar fordelt på byggdrift og reinhald.

Ein av våre dyktige driftsoperatørar går av med pensjon så me ser etter deg som har erfaring frå og interesse for drift og forvaltning av bygg.

Arbeidsoppgåver:
• Drifts -og vedlikehaldsoppgåver inne og ute ved kommunale bygg og grøntareala
• Utføre dagleg vedlikehald, reparasjonar og tilsyn av bygga inne som ute
• Eigenkontroll og oppdatering av FDV systemet (forvaltning/drift/vedlikehald).
• Vedlikehald av maskiner og utstyr i avdelinga

Kvalifikasjonar:
• Relevant fagbrev
• Relevant erfaring kan kompensere for fagbrev
• Gode datakunnskapar og erfaring med bruk av FDV system
• Gode norskkunnskapar
• Førarkort kl. B, men ønskeleg med kl. BE

Personlege eigenskapar:
• Du har initiativ og likar faglege utfordringar
• Du har evne til å arbeide sjølvstendig og er samarbeidsorinetert
• Du har gode kommunikasjonsevner og kan omgåast alle typar menneske
• Du er løysingsorientert, fleksibel og strukturert

Me kan tilby:
• Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der dagane sjeldan er like
• Engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
• God pensjonsordning gjennom KLP
• Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk

Personleg eignaheit for stillinga vert høgt vektlagt.

Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden

 

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    12.05.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5728166
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune