Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Driftsoperatør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig stilling som driftsoperatør innan avløpssektoren.

Vi søker etter ein engasjert og ansvarsbevisst driftsoperatør til vår kommunale avløpssektor. Som driftsoperatør vil du spele ei nøkkelrolle i å sikre effektiv drift og vedlikehald av våre reinseanlegg og ledningsnett. Du vil være ein del av eit dedikert team som arbeider for å oppretthalde høg standard på våre tenester og bidra til eit berekraftig miljø.

Likar du utfordringar, er fleksibel, og trivst med å arbeide i team, men òg sjølvstendig? Då kan dette vere noko for deg!

Arbeidsoppgåver: 

drift og vedlikehald av kommunens avløpsreinseanlegg, pumpestasjonar og ledningsnett

  • delta i feilretting, reparasjonar og førebyggande vedlikehald
  • røyrinspeksjon og lekkasjesøking
  • service og vedlikehald på tekniske prosessanlegg
  • nytte digitale overvakings- og styringssystem (driftskontoll)
  • delta i vaktordning
  • andre relevante oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar:
  • fagskule-/driftsoperatørutdanning, eller fagbrev innan faga kjemiprosess, industrimekanikar, røyrleggar, anleggsfag, elektro eller automasjon
  • erfaqring frå tilsvarande stilling innan drift av vatn- og avløpsinfrastruktur
  • god teknisk innsikt og praktisk forståing.
  • førarkort klasse B, det er ein fordel om du òg har klasse BE, T og C
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • gode datakunnskapar

Erfaring med driftskontroll og analyseverktøy er ein fordel, men ikkje eit krav.

Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Der er ein fordel om du har ADK-førarkort. Søkarar utan driftsoperatørutdanning må ta denne utdanninga.

Personlege eigenskapar:
  • kan arbeide sjølvstendig, og i team
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • er god til å kommunisere og bygge gode relasjonar, både internt og eksternt
  • har eit ønske om kontinuerleg læring og utvikling
  • trivast i ein dynamisk arbeidskvardag der behov og prioriteringar raskt kan bli endra
Vi tilbyr:
  • ein trygg og meiningsfull jobb med spennande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • eit aktivt fagnettverk
  • god pensjons- og forsikringsordning
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling og vidareutdanning

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg.