Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
10.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5088942Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 23.03.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Driftsansvarleg - 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Stillinga som driftsansvarleg er ei nyoppretta stilling som rapporterer direkte til avdelingsleiar, og som jobbar tett med dei tilsette i avdelinga. Driftsansvarleg har ansvar for delegerte oppgåver innan eit definert fagområde i avdelinga, og kan tildelast ansvar. Du vert avdelingsleiar sin nærmaste støttespelar i planlegginga og organiseringa av den daglege drifta av avdelinga. Som driftsansvarleg vil du arbeide i snitt 35,5 t/v med dagvakter i vekedagene og arbeid i turnus kvar 3. helg og i høgtid.
Ved ferieavvikling og anna kortvarig fråvær vil ein kunne få endra ansvarsområde/oppgåver innafor den ordinære stillinga som driftsansvarleg. Ved lengre fråvær av avdelingsleiar vil ein ved behov kunne verte konstituert, jf. HTA § 13.4.
Om Knarvik sjukeheim avdeling 1
Sjukeheimstenesta i Alver består av 8 avdelingar lokalisert på Manger, Lindås, Meland og Knarvik. Kjøkkentenesta er og organisert under sjukeheimstenesta.
Avdeling 1 er ei langtidsavdeling med plass til 30 pasientar. Ved avdeling 1 vil du møte ei gruppe tilsette med høgt fagleg nivå, der fokus til medarbeidarane er å gjere kvardagen god for pasientar med mange samansette behov. Du vil få høve til å halde deg faleg oppdatert og bidra til eit godt internt samarbeid til beste for pasientar og kollegaer. Avdelinga er delt i 3 grupper der alle faggrupper inngår i kvar av gruppene. Det er eit høgt arbeids- og engasjementsnivå på alle gruppene, der fagleg fokus er viktig for at pasientar og pårørande skal føle seg godt ivaretatt. I dette arbeidet er primærsjukepleie ei sentral arbeidsform.
Arbeidsoppgåver
Fagansvar:
- Delegerte oppgåver frå avdelingsleiar for å sikre at kvaliteten på tenestene er innafor ramma av dei ressursane fagområdet disponerer
- Ansvarleg for at fagområdet nyttar kvalitetssystemet i tenesteproduksjonen og nyttar avvikssystemet i oppfølginga
- Ansvarleg for å gjennomføre internkontrolltiltak innanfor fagområdet
- Sørgje for naudsynt fagleg samordning på tvers av linjeorganiseringa
- Ansvarleg for at dei tilsette samla har tilstrekkeleg og relevant kompetanse
Forbetringsansvar
- Ta initiativ til å gjennomføre fagleg forbetrings- og utviklingsarbeid
Serviceansvar
- Ansvarleg for ei brukar- og serviceorientert utvikling av tenester i fagområdet
- Sikre god løpande dialog med alle brukarar og pårørande
I tillegg til fagansvaret kan du få delegert einskilde oppgåver frå avdelingsleiar etter behov. Du kan og få tildelt ekstra ansvar.
Eksempel på einskilde oppgåver:
- Oppgåver knytt til HMS arbeid
- Oppgåver knytt til personalarbeid
- Oppgåver knytt til økonomi
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Offentleg godkjent sjukepleiar
Ønskt kompetanse
- Relevant vidareutdanning
- Erfaring som utøvande sjukepleiar i minimum 3 år, fortrinnsvis frå sjukeheimstenesta
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som er ein fagleg trygg sjukepleiar og som kan arbeide sjølvstendig. Du har evne til å strukturere kvardagen og prioritere både eigen og andre sin arbeidskvardag ut frå dei krav som vert stilt til tenesta. I tillegg til å vere fleksibel og ha god gjennomføringsevne, har du god rolleforståing og ei løysingsorientert tilnærming i ein travel kvardag. Du kommuniserer tydeleg og godt på norsk både munnleg og skriftleg.
Vi ønskjer deg som er god til å motivere, rettleie og til å skape engasjement. Du er god til å planlegge, har gode haldningar og evne til etisk refleksjon. I tillegg har du godt humør og gode samarbeidsevner, samt er ein rollemodell for dine kollegaer.
Personlege eigenskapane ovanfor vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
- Høg kompetanse på avdelinga med stort fokus på kvalitet i tenesta
- Dedikerte kollegaer som har pasient i fokus
- Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
- Årsturnus
- Lønn: kr 50.000,- over relevant garantilønsstige ut frå kompetanse og ansiennitet
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
10.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5088942Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 23.03.2023