• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5088942
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Driftsansvarleg - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Stillinga som driftsansvarleg er ei nyoppretta stilling som rapporterer direkte til avdelingsleiar, og som jobbar tett med dei tilsette i avdelinga. Driftsansvarleg har ansvar for delegerte oppgåver innan eit definert fagområde i avdelinga, og kan tildelast ansvar. Du vert avdelingsleiar sin nærmaste støttespelar i planlegginga og organiseringa av den daglege drifta av avdelinga. Som driftsansvarleg vil du arbeide i snitt 35,5 t/v med dagvakter i vekedagene og arbeid i turnus kvar 3. helg og i høgtid. 

Ved ferieavvikling og anna kortvarig fråvær vil ein kunne få endra ansvarsområde/oppgåver innafor den ordinære stillinga som driftsansvarleg. Ved lengre fråvær av avdelingsleiar vil ein ved behov kunne verte konstituert, jf. HTA § 13.4.

Om Knarvik sjukeheim avdeling 1

Sjukeheimstenesta i Alver består av 8 avdelingar lokalisert på Manger, Lindås, Meland og Knarvik. Kjøkkentenesta er og organisert under sjukeheimstenesta.

Avdeling 1 er ei langtidsavdeling med plass til 30 pasientar. Ved avdeling 1 vil du møte ei gruppe tilsette med høgt fagleg nivå, der fokus til medarbeidarane er å gjere kvardagen god for pasientar med mange samansette behov. Du vil få høve til å halde deg faleg oppdatert og bidra til eit godt internt samarbeid til beste for pasientar og kollegaer. Avdelinga er delt i 3 grupper der alle faggrupper inngår i kvar av gruppene. Det er eit høgt arbeids- og engasjementsnivå på alle gruppene, der fagleg fokus er viktig for at pasientar og pårørande skal føle seg godt ivaretatt. I dette arbeidet er primærsjukepleie ei sentral arbeidsform. 

Arbeidsoppgåver

Fagansvar:

  • Delegerte oppgåver frå avdelingsleiar for å sikre at kvaliteten på tenestene er innafor ramma av dei ressursane fagområdet disponerer
  • Ansvarleg for at fagområdet nyttar kvalitetssystemet i tenesteproduksjonen og nyttar avvikssystemet i oppfølginga
  • Ansvarleg for å gjennomføre internkontrolltiltak innanfor fagområdet
  • Sørgje for naudsynt fagleg samordning på tvers av linjeorganiseringa
  • Ansvarleg for at dei tilsette samla har tilstrekkeleg og relevant kompetanse

Forbetringsansvar

  • Ta initiativ til å gjennomføre fagleg forbetrings- og utviklingsarbeid

Serviceansvar

  • Ansvarleg for ei brukar- og serviceorientert utvikling av tenester i fagområdet
  • Sikre god løpande dialog med alle brukarar og pårørande

I tillegg til fagansvaret kan du få delegert einskilde oppgåver frå avdelingsleiar etter behov. Du kan og få tildelt ekstra ansvar. 

Eksempel på einskilde oppgåver:

  • Oppgåver knytt til HMS arbeid
  • Oppgåver knytt til personalarbeid
  • Oppgåver knytt til økonomi

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Offentleg godkjent sjukepleiar

Ønskt kompetanse

  • Relevant vidareutdanning
  • Erfaring som utøvande sjukepleiar i minimum 3 år, fortrinnsvis frå sjukeheimstenesta
  • God digital kompetanse

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som er ein fagleg trygg sjukepleiar og som kan arbeide sjølvstendig. Du har evne til å strukturere kvardagen og prioritere både eigen og andre sin arbeidskvardag ut frå dei krav som vert stilt til tenesta. I tillegg til å vere fleksibel og ha god gjennomføringsevne, har du god rolleforståing og ei løysingsorientert tilnærming i ein travel kvardag. Du kommuniserer tydeleg og godt på norsk både munnleg og skriftleg.

Vi ønskjer deg som er god til å motivere, rettleie og til å skape engasjement. Du er god til å planlegge, har gode haldningar og evne til etisk refleksjon. I tillegg har du godt humør og gode samarbeidsevner, samt er ein rollemodell for dine kollegaer.

Personlege eigenskapane ovanfor vert vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
  • Høg kompetanse på avdelinga med stort fokus på kvalitet i tenesta
  • Dedikerte kollegaer som har pasient i fokus
  • Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
  • Årsturnus
  • Lønn: kr 50.000,- over relevant garantilønsstige ut frå kompetanse og ansiennitet

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5088942
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.03.2023