Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
21.06.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6645506Se här för andra jobb från Fjaler kommune
Fjaler kommune
Dingemoen skule og SFO har ledig ei 100 % fast stilling for fagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Dingemoen skule og SFO har ledig ei 100 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar. Arbeidsplass skuleåret 2026/2027 vert på Dingemoen skule og SFO. Vi ser etter deg som er stabil, trygg, varm og engasjert vaksen som trivast saman med barn, og som ynskjer å bidra til læring, meistring og gode opplevingar – både i klasserommet og på SFO.
Hjå oss får du vere ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der relasjonar, samarbeid og elevane si utvikling står i sentrum.
Ein viktig del av arbeidet vil vere å byggje gode relasjonar til barna både i skuletida og på SFO, samt bidra til læringsstøttande og trivselsskapande aktivitetar. Du vil ha ansvar for å leie barnegrupper i SFO-tida gjennom å vere ein aktiv deltakar og medspelar i leik- og læringssituasjonar.
Stillinga kan vere knytt til enkeltelevar som treng heilskapleg oppfølging gjennom heile skule- og SFO-dagen.
I arbeidet på SFO er det viktig at du er aktiv og oppsøkjande i møte med barna, og at du evnar å sjå det enkelte barnet samstundes som du har oversikt over heilskapen. Dagane i SFO er varierte og ulike, og vi treng vaksne som samarbeider godt, tek initiativ og ser kvar det er behov for deira nærvær.
Vi tilbyr ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Hos oss får du moglegheit til å vere med og påverke elevane sin kvardag og bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande avtaleverk.
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagutdanning (til dømes helsefagarbeidar). Søkarar utan fagbrev, men med relevant erfaring frå liknande arbeid, kan og verte vurdert.
- Kompetanse og/eller erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.
Personlege eigenskapar
- Evne til å handtere barn som utfordrar og har høgt aktivitetsnivå.
- Gode samarbeidsevner i ein hektisk kvardag med høgt tempo.
- Evne til å byggje relasjonar og til å utfordre, støtte og motivere for læring.
- Sjølvstendig og løysingsorientert.
- Evne til å skaffe seg oversyn og ta leiing når det er nødvendig.
- Viser omsorg og bidreg til at alle barn kjenner seg inkluderte i fellesskapet.
- Påliteleg, ansvarsmedviten og med gode samarbeidsevner.
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.
Velkomen som søkjar til Fjaler kommune! Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
21.06.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6645506Se här för andra jobb från Fjaler kommune
-
Fagarbeidar 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
1-2 ledige stillingar, inntil 50% vikariat i SFO/ferie-SFO
Øygarden kommune
STRAUME -
Fagarbeidar 2 *50% fast stilling i SFO
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Lærarvikar
Hå kommune
VARHAUG -
Lærar til vikariat skuleåret 2026-2027 med relevant utdanning og erfaring med begynneropplæring
Gol kommune
GOL