Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
23.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6090448Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Den spanande jobben som rektor på Våge skule er no ledig
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi er 18 tilsette på skulen som ventar i spaning på deg som vil leie oss og elevane våre i kvardagen. På Våge skule møter du tilsette som har elevane i fokus. I tilsettgruppa er det god spreiing i alder, kjønnsfordeling og vi er alle innstilt på å ta godt i mot den nye rektoren vår.
I rektorstillinga vil du vere ein del av leiargruppa til kommunalsjef for oppvekst. Det vert lagt vekt på at leiargruppa kan nytte kvarandre til støtte i leiarjobben. Du vil få rettleiing i personal- og driftsoppgåver og mogelegheit for fagleg utvikling i form av etterutdanning og/eller vidareutdanning.
Våge skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med om lag 40 elevar. Skulen ligg i vakre omgjevnader med akkurat passe avstand til alt, både til kommunesenteret Dale og til Førde.
Skulen er sjølve «hjartet» i bygda og staden der både barn, unge og resten av bygdefolket samlast til trening på kunstgrasbana, sandvolleyballbana, i treningsrommet, på skytebana eller i klatreveggen, men også til fest, basarar, møteverksemd og andre arrangement. Det er eit godt samarbeid mellom skulen og dei ulike næringane i bygda vår. Ny barnehage er bygd tett attmed skulen.
Elevane våre kjenner vi godt. Dei vert sett- og møtt kvar dag av trygge, kjende vaksne. Vi knyter nærsamfunnet vårt til oss i store deler av undervisninga og skulen har eigen båt. Elevane våre får mellom anna delta i hjortejakt, besøkje fiskeoppdrett og lære om landbruk, industri, sjøen, fjellet og skogen.
Du vil få overordna- og totalansvar for dagleg drift av skulen med leiing av personale, fagleg pedagogisk overordna ansvar for elevane sin trivsel og læring samt administrativt/økonomisk ansvar.
For å fylle rektorrolla må du ha pedagogisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Det inneberer pedagogisk kunnskap om elevane sitt læringsmiljø, profesjonsfellesskap og samarbeid. Du må ha kunnskap om- og erfaring frå arbeid i grunnskulen.
Det er også ønskjeleg at du har kunnskap og erfaring med styring og administrasjon, utvikling og endring, samt kunne syne tryggleik i leiarrolla.
Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga. Den vi ser etter er tydeleg, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil.
Krav om politiattest, jfr. Opplæringslova §10-9. Attesten skal framsynast før oppstart i stilling.
Du må også kunne råde over norsk språk, både munnleg og skriftleg.
Vi løner etter gjeldande lov og avtaleverk og vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar. Kommunen vil vere hjelpeleg med å skaffe bustad.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
23.03.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6090448Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
-
Undervisningsstillingar i skulane i Giske kommune frå 01.08.2025
Giske Kommune
VALDERØYA -
Lærarstilling - fast / tidsavgrensa
Sula kommune
LANGEVÅG -
Undervisningsstilling
Vestnes kommune
TOMREFJORD -
Rektor Askvoll skule - 100% fast stilling
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Miljørettleiar i tiltak
Sogndal kommune
SOGNDAL