• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    07.09.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6340599
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
Vacancy

Fjaler kommune

Den spanande jobben som rektor på Flekke skule er no ledig

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som rektor på Flekke skule frå snarast. Vår noverande rektor skal gå av med AFP og vi ventar no på deg som vil leie oss og elevane våre i kvardagen. På Flekke skule møter du tilsette som har elevane i fokus. I tilsettgruppa er det god spreiing i alder, kjønnsfordeling og vi er alle innstilt på å ta godt i mot den nye rektoren vår.

I rektorstillinga vil du vere ein del av leiargruppa til kommunalsjef for oppvekst.  Det vert lagt vekt på at leiargruppa kan nytte kvarandre til støtte i leiarjobben. Du vil få rettleiing i personal- og driftsoppgåver og mogelegheit for fagleg utvikling i form av etterutdanning og/eller vidareutdanning.

Flekke skule er ein barneskule med omlag 40 elevar. Skulen ligg i vakre omgjevnader med akkurat passe avstand til alt, både til kommunesenteret Dale og til Førde. I skulebygget ligg også barnehage. Samarbeidet med barnehagen er godt og for barnehageborna skapar dette tryggleik i overgangen til skule.

Elevane våre kjenner vi godt. Dei vert sett- og møtt kvar dag av trygge-, kjende vaksne.  

Arbeidsoppgåver

Du vil få overordna- og totalansvar for dagleg drift av skulen med leiing av personale, fagleg pedagogisk overordna ansvar for elevane sin trivsel og læring samt administrativt/økonomisk ansvar. Noko undervisning kan og påreknast.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

For å fylle rektorrolla må du ha pedagogisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Du må også vere stø i pedagogisk kunnskap om elevane sitt læringsmiljø, profesjonsfellesskap og samarbeid. Du må ha kunnskap om- og erfaring frå arbeid i grunnskulen.

Det er også ønskjeleg at du har kunnskap og erfaring med styring og administrasjon, utvikling og endring, samt kunne syne tryggleik i leiarrolla.

Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga. Den vi ser etter er tydeleg, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil.


Særskilde krav

Krav om politiattest, jfr. Opplæringslova §10-9. Attesten skal synast før oppstart i stilling. Du må også kunne råde over norsk språk, både munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr

Vi løner etter gjeldande lov og avtaleverk og vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar. Du vil få tett oppfølging i oppstarten av stillinga.

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    07.09.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6340599
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune