Company
Gol kommuneApplication deadline
20.01.2023Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3550, GOL
GOL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4903787Look here for other jobs from Gol kommune
- Updated 03.12.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Gol kommune
Deltidsstilling i Gol barnehage for teiknspråkkyndig
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gol barnehage med dei tre kommunale barnehagane Breidokk, Herad og Vesterhuset arbeidar for ein kontinuerleg utvikling av barnehagane.
I Breidokk barnehage har vi ledig ein deltidsstilling på 30 % for ein tegnspråkkyndig som kan vere med i opplæring i bruk av teikn for codabarn (høyrande barn av døve foreldre), med moglegheiter for å utvida stillinga å være vikar, eventuelt tilkallingsvikar i Gol barnehage.
Arbeidsoppgåver:
• Bruke teiknspråk i kommunikasjon med barna og foreldre; teiknsette det som skjer i leik, aktivitetar, rutinesituasjonar
Kvalifikasjonar:
• Ynskjeleg med barnehagefagleg utdanning
• Erfaring frå barnehage
• Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Vi ynskjer oss av deg:
• Aktiv og bevisst vaksen som støttar barna i deira teiknspråkopplæring både inne og ute
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Fleksibel
Vi kan tilby:
• Eit godt arbeidsmiljø
• Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
• Løn etter utdanning og praksis
• Stillingsbeskriving
Anna:
• Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personleg eignahet og evne til samarbeid
• Dei som blir tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no
Company
Gol kommuneApplication deadline
20.01.2023Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3550, GOL
GOL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4903787Look here for other jobs from Gol kommune
- Updated 03.12.2022