Company
Fjord1 ASAApplication deadline
10.12.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6200, STRANDA
STRANDA
Number of positions
1Career-kode
6773497Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Dekkssjef/overstyrmann Stranda-Liabygda
Ferger
Fjord1 har no ei ledig stilling som dekkssjef/overstyrmann i sambandet Stranda-Liabygda, pt. MF Sunnylvsfjord.
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord på ei moderne elektrisk ferje, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyret og operativ leiing. Du vil vere kapteinen sin stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis.Arbeidet gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under skiftande vêrforhold, tett trafikk og høgt tempo. Samstundes får du vere med på den grøne maritime utviklinga gjennom drift av eit moderne og miljøvennleg fartøy.
Attraktiv turnusordning med døgnvakter. Du arbeider i ein 2:2-turnus med to veker på og to veker fri. I arbeidsperioden har du fri annakvart døgn. Dette gir ein særs god balanse mellom arbeid og fritid, med lange samanhengande friperiodar.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Kvalifikasjoner:
- Minimum D3-sertifikat
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrift
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlige egenskaper:
Vi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann/dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår.
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
10.12.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6200, STRANDA
STRANDA
Number of positions
1Career-kode
6773497Look here for other jobs from Fjord1 ASA