• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    10.12.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6200, STRANDA
    STRANDA
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6773497
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Dekkssjef/overstyrmann Stranda-Liabygda

Ferger

Fjord1 har no ei ledig stilling som dekkssjef/overstyrmann i sambandet Stranda-Liabygda, pt. MF Sunnylvsfjord.

Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord på ei moderne elektrisk ferje, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyret og operativ leiing. Du vil vere kapteinen sin stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis.
Arbeidet gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under skiftande vêrforhold, tett trafikk og høgt tempo. Samstundes får du vere med på den grøne maritime utviklinga gjennom drift av eit moderne og miljøvennleg fartøy.

 

Attraktiv turnusordning med døgnvakter. Du arbeider i ein 2:2-turnus med to veker på og to veker fri. I arbeidsperioden har du fri annakvart døgn. Dette gir ein særs god balanse mellom arbeid og fritid, med lange samanhengande friperiodar.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Kvalifikasjoner:

  • Minimum D3-sertifikat 
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrift
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlige egenskaper:

Vi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann/dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår.
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    10.12.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6200, STRANDA
    STRANDA
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6773497
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA