Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Dagleg leiar av frivilligsentralen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Aktivitetseininga i Sunnfjord kommune har ansvar for Friskliv og frivilligsenter, der dei tre frivilligsentralane i Naustdal, Sande og Førde er organisert. Desse tre frivilligsentralane samarbeider om aktivitetar i alle grender i Sunnfjord kommune. Stillinga som dagleg leiar av Gaular frivilligsentral inngår i eit team på 5 personar som saman driftar frivilligarbeidet, frisklivsatsinga, BUA og anna førebyggande arbeid i Sunnfjord kommune. Dei samarbeider med fleire kommunale einingar, frivillig sektor, institusjonar og næringsliv.

Aktivitetseininga har og aktivitetstilbod til vaksne i alle aldrar i Sunnfjord kommune. Aktivitetstilbodet kan gjevast som opplæring, arbeid eller anne type dagaktivitet til menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Vi er i alt 46 positive og engasjerte medarbeidarar som jobbar i eininga fordelt på små og store stillingar i heile kommunen.

Vi har ledig følgande stilling:
  • 100 % mellombels stilling i perioden 20.04.26 – 31.01.27 som Dagleg leiar av Gaular frivilligsentral. 40 % av denne stillinga er knytt til ansvar for drift av BUA, som er lokalisert sentralt i Førde. 60 % er knytt til drift av Gaular Frivilligsentral, kor ein har kontorplass sentralt på Sande.
Krav til søkar:
  • høgare helse-/ sosialfagleg utdanning, pedagogisk utdanning eller anna relevant høgare utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • god IKT – kompetanse
  • gode norsk kunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • politiattest av ny dato må leggast fram før start i stilling
  • førarkort klasse B

 

Vi søker deg som:
  • er kontaktsøkande, uredd, sjølvstendig og initiativrik
  • er utviklingsorientert
  • er kreativ og god på å skape relasjoner
  • er god på å takle eit vidt spenn i oppgåver, er strukturert og flink til å planlegge eigen arbeidskvardag
  • har gjennomføringsevne
  • er ein lagspelar med fagleg autoritet innan ansvarsområdet
  • er engasjert og har evne til å motivere
Vi kan tilby:
  • utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • samarbeid med mange engasjerte menneske i og utanfor kommunen
  • lønn etter kommunal tariff
  • gode pensjons- og forsikringsordninger

 

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!