Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca. 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.

Har du lyst på eit arbeid som gir deg mykje glede, ansvar og faglege utfordringar? Då må du søke stilling ved Sande omsorgssenter.

Vi har no ledig 2 faste 100 % stillingar som helsefagarbeidar/hjelpepleiar. 

Som helsefagarbeidar på dagens omsorgssenter er arbeidsoppgåvene variert, spennande og krev fagleg dyktighet. Som helsefagarbeidar har du ansvar for heilskapleg pleie, omsorg og behandling av pasientane. Sikre dokumentasjon etter lovverk og interne rutinar, samarbeide med pasientar, pårørande og medarbeidarar, rettleie og gje støttesamtalar, og legge til rette for aktivitet. 


Søkar må:
  • ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • kunne legge fram gyldig politiattest før start i stilling
Søkar bør:
  • vere fagleg engasjert og ha vilje til å halda seg oppdatert
  • vere løysingsorientert, fleksibel, kunne tenke nytt og ha evne til å reflektere
  • ha gode samarbeidsevne
  • vere strukturert
  • samarbeide og kommuniserer godt
  • vere lojal og bidra til eit positivt miljø
Vi kan tilby:
  • rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr 7 000 per år til fagarbeidar i omsorgssenter 
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • moglegheit for langvakter

Vi har prøv ut langvakter og har god erfaring med det. Det er høve til å kombinere med langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lengt det let seg gjere etter behov. Går ein langvakt i helgar er det arbeid kvar 4.helg. Ved kortvakter i helgar er det arbeid kvar 3.helg.

 

Du søker elektronisk.

Vi ser fram til å høyre frå deg, velkommen som søkar!