Ledigt jobb

Øygarden kommune

Byggdriftar 2*100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Byggforvaltning er organisatorisk plassert under kommunalsjef for samfunnsutvikling og er ei sentral eining i kommunen sitt arbeid med å utvikle og forvalte eigedomsmassen. Eininga omfattar to avdelingar og har hovudansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg, tekniske anlegg, uteområde og grøntareal. Dette inneber både å ivareta dagleg drift og vedlikehald, og å planleggje langsiktig utvikling og fornying av eigedomane slik at dei møter framtidige behov.

Stillinga er plassert i byggdrift og rapporterer til avdelingsleiar for Byggforvaltning. Du vil inngå i eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø med vekt på samarbeid og kunnskapsdeling.

Byggforvaltning har ei viktig rolle i å sikre at kommunen sine bygg og anlegg er funksjonelle, trygge og tilgjengelege for innbyggjarane. Dette omfattar alt frå skular, barnehagar og helsebygg til kultur- og idrettsanlegg, samt uteområde og parkar som er viktige for trivsel, helse og berekraftig by- og tettstadsutvikling.

Arbeidsoppgåvene i stillinga vil væra varierte og dekkje heile verksemdsområdet innan eigedom, bygg, anlegg og park.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Drift, tilsyn og vedlikehald av kommunale bygg
  • Tilstandsvurdering og systematisk oppfølging av avvik
  • Oppfølging av internkontroll og HMS-krav
  • Registrering og behandling av avvik i kommunen sitt FDV-system
  • Koordinering og oppfølging av eksterne leverandørar
  • Dialog og samarbeid med brukarar av bygga
  • Sesongbasert utvendig drift

 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Fagbrev som byggdriftar eller anna relevant teknisk fagbrev, til dømes røyrleggjar, elektrikar, automatikar eller tømrar
  • Førarkort klasse B
  • Sterke munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk, med fokus på tydeleg og profesjonell kommunikasjon.

 

Ønskjeleg med:

  • Førarkort klasse BE
  • Kjennskap til og erfaring med internkontrollforskrifta
  • Gode datakunnskapar og erfaring med bruk av FDV-, adgangskontroll- og SD-system
  • God teknisk forståing og innsikt i bygningsmessige forhold
  • Vilje og motivasjon til fagleg vidareutvikling

 

Personlege eigenskapar:
  • Arbeidskvardagen kan være uforutsigbar, og det er derfor viktig at du både likar struktur, samt har evne til å omstille og prioritere når planar endrar seg.
  • Du evnar å sjå moglegheiter i utfordringar og feil som oppstår.
  • Du møter brukarar og kollegaer med ein positiv og hjelpsam haldning.
  • Du bidrar til å løfte kollegaer ved å dele kompetansen din når du har løysinga, og er samstundes audmjuk og open for å lære når andre sit med svaret.
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig
  • Systematisk, evne til å prioritere og sikre gjennomføring

 

Anna:
  • Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
  • Godkjent politiattest må visast fram før tilsetjing
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:Jonny Angeltveit – Avd. leiar Byggforvaltning 477 01 309Henning Selstø - Avd. leiar  Byggforvaltning 950 48 553