• Company
    Askvoll kommune
  • Application deadline
    28.02.2023
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4997921
  • Look here for other jobs from Askvoll kommune
  • Updated 16.02.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Askvoll kommune

Bu og miljøtenesta/ Markatunet har frå snarast ledig 100% fast stilling som vernepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vernepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Markatunet består av 8 nye bueiningar for personar med funksjonsnedsettingar. Bu- og miljøtenesta yt teneste til brukarar med ulike utfordringar og diagnosar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap. Den tilsette vil ha eit tett samarbeid med andre aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren for å sikre en heilskapleg tilnærming og oppfølging, herunder helse, heimetenesta og spesialisthelsetenesta.    

 

Arbeidsoppgåver:

  • Direkte tenesteyting i samsvar med vedtak, dagsplanar og rutinar
  • Kartlegge behov, iverksette og evaluere tiltak
  • Utføre oppgåver i samsvar med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
  • Primærkontakt, teamdeltakar og koordinator
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Medverke til fagutvikling i seksjonen
  • Medverke til utvikling av godt arbeidsmiljø
  • Delta i dagtilbod og burettleiing
  • Medisinansvar
  • Rettleiing av kollegaer, brukarar, pårørande, studentar og elevar
  • Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
  • Arbeid i 2-delt turnus og kvar 3. helg, etter 35,5 t/veke

 

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som vernepleiar, sjukeleiar eller annan relevant bachelorgrad
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere bil
  • Det er krav om framlagd politiattest før oppstart

 

Personlege eigenskapar:

  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Like utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
  • Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

 

Vi tilbyr:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Avtale om signeringsstipend på kr. 75 000, mot eit års bindingstid for vernepleiarar og sjukepleiarar
  • Lokalt tillegg på kr 20 000.- over garantiløn etter tariff for vernepleiarar og sjukepleiarar
  • Pensjonsordning i KLP
  • Flyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
 

  • Company
    Askvoll kommune
  • Application deadline
    28.02.2023
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4997921
  • Look here for other jobs from Askvoll kommune
  • Updated 16.02.2023