Vacancy

Surnadal kommune

Bu- og aktivitetstenesta: Ledige stillingar på helg.

Brannvesen

Bu- og aktivitetstenesta har ledige stillingar, fortrinnsvis på helg. 
Vi har ulike stillingsprosentar og ei slik stilling kan vere fast eller som engasjement alt etter ønskje og/eller kvalifikasjonar.
Stillingane er godt egna for deg som planlegg eller er i gang med helsefagleg utdanning eller pedagogisk høgskuleutdanning. Arbeidet kan tilpassast ein studiekvardag og gje deg verdifull praksis i studietida.
Ei stilling på helg hos oss kan også passe godt for deg som ønskjer å kombinere dette med anna arbeid.

Ut frå brukarbehov vil det i nokre bustader vere aktuelt å tilsette menn, i andre er det kvinner som er aktuelt.

Ønska kvalifikasjonar:

Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning, hjelpepleiar/helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar eller student på helsefagleg utdanning.
Om du ikkje har utdanning, men relevant erfaring frå liknande arbeid, kan du få tilsetting som assistent.

Førarkort kl B.

Du må kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne for å kunne ivareta dialog og krav til    dokumentasjon.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.

Du er/du har:

  • gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
  • fleksibel og ser løysingar
  • engasjert i arbeidet ditt og motivert for å bidra til å gje brukarane gode dagar og opplevingar

Hos oss får du:

  • Opplæring og rettleiing
  • Studentavlønning ved relevant studie på høgskulenivå
  • kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi inviterer aktuelle søkarar til samtale.