• Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    25.04.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3713609
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 09.04.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Fjaler kommune

Brenn du for å gjere ein innsats for barn og unge? Vi søkjer miljørettleiar til Våge skule.

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi ønskjer oss ein miljørettleiar som brenn for faget sitt og som trivast best saman med barn og unge i deira skulekvardag.

Den nye kollegaen vår har kompetanse innan spesialpedagogikk, barnevernspedagogikk, vernepleie eller andre relevante fagfelt. Han eller ho vil bli tilsett i 75 % fast stilling frå 1. august 2021. Stillinga følgjer skuleåret og arbeidstida er gjennomsnittsberekna. 

Arbeidsoppgåvene vil ha hovudfokus kring spesial- og sosialpedagogiske tiltak på skulen og i skulefritidsordninga, både med enkeltelevar og grupper. Stillinga krev utstrekt samarbeid med kontaktlærar, føresette, eksterne instansar og elevane sjølve. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i denne stillinga.

Er dette noko for deg? Då håper vi du tek kontakt med oss, eller endå betre, sender oss ein søknad. Vi ser frem til å høyre frå deg. 

Arbeidsoppgåver

  • Spesial- og sosialpedagogiske tiltak på skulen og i skulefritidsordninga, både med enkeltelevar og grupper

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært etter personar med 3-årig høgskuleutdanning som spesialpedagog, barnevernspedagog, vernepleiar med meir
  • Erfaring frå relevant arbeid med barn og unge
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Om deg

  • Kunne vere ein trygg og tydeleg vaksen
  • God på å skape relasjonar
  • Gode samarbeidsevner, vere initiativrik og fleksibel
  • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samstundes ha eit godt humør

Vi tilbyr

  • Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    25.04.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3713609
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 09.04.2021