Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.11.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4143186Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 15.10.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Brannkonstabel/Røykdykker 4 stk. 4,20 % fast stilling– Øygarden brann og redning KF
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden brann og redning KF (ØBR) er eit kommunalt føretak. Føretaket har eiga styre som rapporterer direkte til kommunestyret. ØBR er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes. Her held også førebyggjande avdeling til. Føretaket har om lag 70 heil- og deltidstilsette.
Øygarden brann og redning KF (ØBR) har ledig 4 stillingar som brannkonstabel. Dei ledige stillingane skal innplasserast i fast vaktberedskap med 2 i kvar av stasjonane, Dalsneset brannstasjon på Blomøy/naturgassparken, og Ågotnes brannstasjon ved CCB-base.
Dalsneset og Ågotnes brannstasjonar har mannskap i deltidsstillingar (heimevakt) og har kvar ca. 115 oppdrag pr. år
Om avdelinga:
ØBR si beredskapsavdeling har til saman 60 personar som ivaretek brann og redningsberedskapen i Øygarden kommune. Mannskapa er fordelt på 3 brannstasjonar. Avdelinga har 3 heiltidsstillingar. Beredskapen er ivareteken med deltidsmannskap heimevaktordning.
Arbeidsoppgåver:
- Brannkonstabel/Røykdykkar/sjåfør – skal delta i ØBR sin beredskap mot brann, ulykker og anna som brann og redningsvesenet vert kalla ut for å handtere
- Dei tilsette må vere i stand til å utføre røykdykking, vere sjåfør på køyretøy og båtar vi disponerer
- Brannkonstabel må være aktiv i eigen kompetansebygging. Dersom den som vert tilsett ikkje har den formalkompetanse det er krav om for å inneha stillinga, pliktar vedkomande å delta på den opplæringa som er naudsynt
Kvalifikasjonar:
Søkjar må:
- Ha god helse og vandel ihht krav i "røykdykkerveiledningen". Legeattest som stadfestar dette og bestått fysisk test er vilkår før tilsetting
- Inneha bilsertifikat kl.C, eller for eigen kostnad tilegne seg dette innafor prøvetid på 6 mnd.
- Kunne delta i opptil heil vekevakt i 4-delt turnus
- I vaktperiode kunne stille på brannstasjonen innen 5 minutt etter alarm
Ønskjeleg med:
- Kompetanse i tråd med «Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen» § 7-3 eller påbegynt utdanning ihht denne
- Kode 160 (utrykkingskjørekompetanse)
- Erfaring med yrkesbåt/maritimt virke
- Fagbrev eller teknisk utdannelse
- Anna beredskapsrelatert utdanning
Personlege eigenskapar:
- Samfunnsengasjert og beredskapsorientert
- Evne og vilje til å yte sitt beste under stress og evne til å jobbe i team
- God trenings og øvingsmentalitet i forhold til oppgavene som kan komme
Anna:
- Vi har vaktordning i normalt 4-delt vakt
- Stillingane rapporterer til seksjonsleiar beredskap deltidsstyrke
- Stillingane er knytta til faste vaktlag og vaktordning i 4-delt turnus basert på heimevakt
- Vaktlengde vert fastsett individuelt etter avtale og innafor gjeldande vaktturnus
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Lønn som brannkonstabel/fagarbeidar for tida frå kr 371.200,- til 446.000,- avhengig av lønsansiennitet
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
01.11.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4143186Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 15.10.2021