• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    25.09.2022
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4758421
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 09.09.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Øygarden kommune

Brannkonstabel/Røykdykkar 4,20% fast deltid

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Brannkonstabel/Røykdykkar 4,20% fast deltid - Øygarden brann og redning KF

 Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

 Øygarden brann og redning KF (ØBR) er eit kommunalt føretak. Føretaket har eiga styre som rapporterer direkte til kommunestyret. ØBR er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes. Her held også førebyggjande avdeling til.

 Øygarden brann og redning KF (ØBR) har ledig faste stillingar som brannkonstabel. Dei ledige stillingane skal innplasserast i fast vaktberedskap i kvar av stasjonane Dalsneset brannstasjon (Naturgassparken), Skogsskiftet brannstasjon og Ågotnes brannstasjon.

Om avdelinga:

ØBR si beredskapsavdeling har til saman 60 personar som ivaretek brann og redningsberedskapen i Øygarden kommune. Disse mannskapa er fordelt på 3 brannstasjonar. Avdelinga har 3 heiltidsstillingar. Beredskapen er ivareteken med deltidsmannskap heimevaktordning. 

Vakttypane er full vakt (vekevakt frå måndag kl 07 til måndag kl 07), dagvakt (måndag til fredag 07-17) fritdsvakt (måndag til torsdag 17-07 samt fredag 17 til måndag 07) eller døgnvakt ( aktuell dag kl.07 til neste dag kl.07)

Arbeidsoppgåver:

Brannkonstabel/Røykdykkar/sjåfør – skal delta i ØBR sin beredskap mot brann, ulykker og anna som brann og redningsvesenet vert kalla ut for handtere.

Dei tilsette må vere i stand til å utføre røykdykking, vere sjåfør på køyretøy og båtar vi disponerer.

Brannkonstabel må være aktiv i eigen kompetansebygging. Dersom den som vert tilsett ikkje har den formalkompetanse det er krav om for å inneha stillinga, pliktar vedkomande å delta på den opplæringa som er naudsynt. 

  • Stillingane rapporterer til seksjonsleiar beredskap deltidsstyrke.
  • Vi har vaktordning i normalt 4-delt vakt. Alle stillingane er tillagt plikt for heimevakt i gjeldande vaktturnus med maksimum 1 vekevakt (168 timar) og minimum 50 timar per 4. veke.
  • Vaktlengde vert fastsett individuelt etter avtale og innafor gjeldande vaktturnus.

 Kvalifikasjonar:  

Søkjar må ha:

  • Ha god helse og vandel ihht krav i røykdykkerveiledningen. Legeattest som stadfester dette og bestått fysisk test er vilkår før tilsetting.
  • Inneha bilsertifikat kl.C, eller for egen kostnad tileigne seg dette innafor prøvetid på 6 mnd.
  • Kunne delta i opptil heil vekevakt i 4-delt turnus.
  • I vaktperiode kunne stille på brannstasjonen innan 5 minutt etter alarm.
  • Personell må bu i kommunen og jobbe slik i forhold til sin respektive stasjons og vakttilknyting, at ØBR si responstid ikkje er i konflikt med krav iht forskrift/veiledning. Dette kravet er 5 minutt oppmøtetid til stasjonen ved alarm i vaktperiode.

 Ønskeleg med:

  • Kompetanse i tråd med «Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen»  § 7-3 eller påbegynt utdanning ihht denne.
  • Kode 160 (utrykkingskøyrekompetanse).
  • Erfaring med yrkesbåt/maritimt virke.
  • Båtførarbevis.
  • Relevant fagbrev, anna beredskaps- og helserelatert utdanning.
  • Arbeidsstad og bustad som gjev oppmøtetid innan 5 minutt frå ein av stasjonane våre.

 Personlege eigenskapar:

Samfunnsengasjert og beredskapsorientert, evne og vilje til å yte sitt beste under stress og evne til å jobbe i team, god trenings og øvingsmentalitet i forhold til oppgåvene som kan komme.

Anna:

  • Søknadsfrist på stillinga er 25.09.2022.
  • Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest
  • Tiltreding etter avtale

 Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Løn som brannkonstabel/fagarbeidar for tida frå kr 389.000,- til 460.300,- (i 100 % stilling) avhengig av lønsansiennitet.

Kontakt: Seksjonsleiar beredskap deltidsstyrke Jarl Martin Hestad - jarl.hestad@oygarden.kommune.no

Søknadsfrist 25.09.2022

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    25.09.2022
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4758421
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
  • Updated 09.09.2022