Prima Assistanse AS

Spennande jobb i Vikøy som BPA assistent

BPA assistent

Sosiale tjenester

Eg er ein kjekk kar i starten av 30 årene som treng nye assistentar til å jobba annakvar helg, og kveldar. Dette er ein jobb for deg som har godt humør, pågangsmot og ikkje redd for å bli skitten på hendene.

Eg er interessert i landbruk, politikk, fest og eg har eit spesielt forhold til god whisky. Grunnen til at eg treng assistanse er at eg har ein progressiv sjukdom som gjer at eg sit i rullestol, har problem med å styre armer og bein, og store utfordringar med tale og syn.

 

Jobben er så variert at det er vanskeleg å skildre, men den går i hovudsak ut på å vera mine armar og bein og auge. Eg treng hjelp til alt av kvardagslege gjeremål som til dømes personleg hygiene, mat, husstell og liknande. I tillegg liker eg reising, konserter og alt som gjev adrenalin. Arbeidstida er morgon eller kveldsvakt, altså 08:00-15:30 og 16:30-00:00.

Søknadskriterier:

  • Du må vere påliteleg, samt ha godt humør og vere positiv
  • Du kan ikkje ha rulleblad