Company
UtlendingsdirektoratetApplication deadline
07.05.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
0663, OSLO
OSLO
Number of positions
1Career-kode
6603073Look here for other jobs from Utlendingsdirektoratet
Utlendingsdirektoratet
Bli produkttrenar i ei banebrytande tid for digitalisering av utlendingsforvaltninga
Offentlig forvaltning
Bli produkttrenar i ei banebrytande tid for digitalisering av utlendingsforvaltninga
Vil du vere med og forme korleis vi utviklar digitale tenester i eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag?
Du vil jobbe tett på både leiing og team – og vere med på å forme korleis vi lukkast med produktorientering i praksis.
Vi søkjer ein engasjert og relasjonssterk produkttrenar som vil bidra til å støtte og utvikle dei tverrfaglege teama våre i ei omstilling mot meir produktorientert arbeid. Som produkttrenar er du ein nøkkelperson som jobbar tett med leiarar, produktleiarar, teamleiarar og team for å støtte dei i rollene sine og leggje til rette for brukarorientert digitalisering med tydeleg verdifokus og kontinuerleg forbetring.
UDI har mange komplekse IT-system som er kritiske for nasjonal tryggleik. Både medarbeidarane våre og dei som søkjer opphald i Noreg, er avhengige av stabile og velfungerande løysingar. Dagens systemportefølje er i ferd med å bli utdatert og krev omfattande fornying. Difor har UDI, saman med UD, UNE og politiet, fått om lag 2 milliardar kroner til å utvikle heilt nye løysingar – frå botnen av. Dette er eitt av dei største og viktigaste digitaliseringsløfta i Noreg dei komande åra. Samtidig legg vi om måten vi jobbar med digitalisering på, i retning av meir produktorientert utvikling. Som produkttrenar vil du spele ei sentral rolle i å bidra til at vi lukkast med denne omstillinga.
Kvalifikasjoner:
Må-krav
- Det blir stilt krav om høgare, relevant utdanning på minimum master- eller bachelornivå frå universitet eller høgskole. Solid erfaring med oppgåver knytte til produktleiarskap og rolla som produkttrenar kan kompensere for manglande utdanning.
- Erfaring som produkttrenar, smidig coach eller tilsvarande rolle innan digitaliseringsinitiativ
- God forståing for produktutvikling, smidige arbeidsformer og tverrfaglege team
- Erfaring med målstyring og prioritering (til dømes OKR)
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Erfaring med fasilitering av workshopar
Bør-krav
- Erfaring med endrings ledelse, produktutvikling eller digitalt transformasjonsarbeid
- Relevante sertifiseringar, til dømes kan ICP-ACC, ICE-AC, CEC og hva med CTC, ICP-PDM samt Prosci Change Management
Personlige egenskaper:
Vi ser etter deg som
- Er ein trygg relasjonsbyggjar som får folk med deg
- Evnar å omsetje mellom ulike fag og perspektiv
- Ser heilskap og samanhengar i komplekse omgjevnader
- Skaper framdrift og energi
- Er fleksibel og tilpassingsdyktig
- Brenn for å utvikle menneske og organisasjonar
- Likar å gjere andre gode
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Vi tilbyr:
Difor bør du velje oss
Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø i eit team saman med produkttrenarar og innføringsleiarar. Saman utviklar vi nye måtar å jobbe på – i praksis.
Stillinga er løna som rådgivar/seniorrådgivar (1434/1364) i lønnspennet kr 750 000 - 950 000 brutto per år, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Eit lønnstrekk på to prosent gir gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse.
Du får:
- Ei nøkkelrolle i ei av dei største digitale omstillingane i Noreg
- Jobbe tett på både leiing og team – og sjå direkte effekt av arbeidet ditt
- Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
- Gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg
UDI har eit viktig samfunnsoppdrag. Verdssituasjonen påverkar oss direkte, og vi må kontinuerleg tilpasse oss. Verdiane våre er profesjonalitet, menneskeverd og heilskap – og dei pregar korleis vi jobbar kvar dag.
Vi held til i moderne lokale på Helsfyr, med gode ordningar for fleksibilitet, trening i arbeidstida og ei svært god kantine.
Vil du vite mer om det vi i UDI er i gang med? Hør Dag Anders Brunstad, direktør for digitalisering fortelle mer om MODULF-programmet her.
Mangfald og inkludering
I Utlendingsdirektoratet er vi opptekne av mangfald. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandringsbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte til å søkje hos oss.
Praktisk informasjon
Du søkjer på stillinga via søknadssystemet Webcruiter. Vi er opptekne av kva du kan, erfaringane dine og kompetansen din, og ber deg difor levere ein god og utfyllande CV som viser kva du har gjort og oppnådd. I tillegg ber vi deg svare på nokre spørsmål relevante for stillinga. Du treng ikkje skrive søknadsbrev.
Du må leggje ved vitnemål, som kan lastast ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Har du utdanning frå utlandet, må denne vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
I tråd med offentleglova kan du bli offentleggjord sjølv om du har bede om unntak frå søkjarlista. I så fall blir du varsla.
Company
UtlendingsdirektoratetApplication deadline
07.05.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
0663, OSLO
OSLO
Number of positions
1Career-kode
6603073Look here for other jobs from Utlendingsdirektoratet
-
Vil du jobbe med saker som bidrar til at skatt blir rett fastsett – også når eigarskap og verdiar kryssar landegrenser?
Skatteetaten
FØRDE -
Vil du jobbe med saker som bidrar til at skatt blir rett fastsett – også når eigarskap og verdiar kryssar landegrenser?
Skatteetaten
FØRDE -
Ferievikarar 2026: Sjukeheim, heimetenesta, vaskeri og kjøkken avdeling Balestrand
Sogndal kommune
Balestrand -
Kontaktperson i Barnevernstenesta - vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
Ferievikar 2026, Leikanger heimeteneste
Sogndal kommune
Leikanger