Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
12.12.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5013, BERGEN
BERGEN
Antal befattningar
1Karriere-kod
6473425Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Bli ein del av vårt team – vi treng ein maskinsjef til hurtigbåtane i Bergen!
Ferger
Fjord1 er ein leiande pionér i det grøne skiftet, og skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg ferje- og hurtibåttransport.
No utvidar vi hurtigbåtsegmentet vårt med to ombygde fartøy og eitt nybygg som skal trafikkere Askøyruta frå Kleppestø, og Nordhordalandsruta frå Knarvik, til Strandkaien i Bergen sentrum.
Vi søkjer ein maskinsjef som ønskjer å bli ein del av besetninga på sambandet Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta), og bidra i selskapets grøne satsing i hurtigbåtnæringa.
Du blir ein del av brubesetninga om bord på våre nye elektriske hurtigbåtar, saman med skipsførar og overstyrmann. Her vil du ha ansvar for teknisk utstyr og maskineri. Arbeidet består av overvåking, ettersyn, reparasjonar og vedlikehold.
Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av.
- Veke 1 av arbeidsperioden: måndag-laurdag.
- Veke 2 av arbeidsperioden: måndag-fredag.
Du kan reise heim etter endt vakt og i helga, vi tilbyr hybelordning i arbeidsperioden.
Her får du ein trygg og moderne arbeidsplass med gode kollegaer og ein fleksibel turnus som gir rom for balanse mellom arbeid og fritid.
Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- Minimum M3 opptil 3000 kW
- Kvalifikasjonsbevis for brubesetning på hurtiggåande fartøy
- Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlige egenskaper:
- Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trivst med å leie og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
- Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Fleksibel vaktordning: 12 dagar på og 16 dagar av.
- Hybelordning ved Kleppestø kai i arbeidsperioden.
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
12.12.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5013, BERGEN
BERGEN
Antal befattningar
1Karriere-kod
6473425Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
-
Vil du bli vår nye skipsførar?
Fjord1 ASA
KLEPPESTØ -
Maskinsjef i sambandet Mordalsvågen - Solholmen, p.t. MF Ivar Aasen
Fjord1 ASA
MOLDE -
Maskinsjef i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Horgefjord
Fjord1 ASA
STOREBØ -
Maskinsjef i sambandet Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes, p.t. MF Lærdal
Fjord1 ASA
HATLESTRAND -
Maskinsjef i ressursgruppa - spennande og variert arbeid i region Vestland
Fjord1 ASA
HORDVIK