• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    12.12.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5013, BERGEN
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6473425
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Bli ein del av vårt team – vi treng ein maskinsjef til hurtigbåtane i Bergen!

Ferger

Fjord1 er ein leiande pionér i det grøne skiftet, og skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg ferje- og hurtibåttransport. 

No utvidar vi hurtigbåtsegmentet vårt med to ombygde fartøy og eitt nybygg som skal trafikkere Askøyruta frå Kleppestø, og Nordhordalandsruta frå Knarvik, til Strandkaien i Bergen sentrum.

Vi søkjer ein maskinsjef som ønskjer å bli ein del av besetninga på sambandet Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta), og bidra i selskapets grøne satsing i hurtigbåtnæringa. 

Du blir ein del av brubesetninga om bord på våre nye elektriske hurtigbåtar, saman med skipsførar og overstyrmann. Her vil du ha ansvar for teknisk utstyr og maskineri. Arbeidet består av overvåking, ettersyn, reparasjonar og vedlikehold.

 

Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av.

  • Veke 1 av arbeidsperioden: måndag-laurdag.
  • Veke 2 av arbeidsperioden: måndag-fredag.                                                                                                                                                                                   

Du kan reise heim etter endt vakt og i helga, vi tilbyr hybelordning i arbeidsperioden.

Her får du ein trygg og moderne arbeidsplass med gode kollegaer og ein fleksibel turnus som gir rom for balanse mellom arbeid og fritid. 

Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M3 opptil 3000 kW
  • Kvalifikasjonsbevis for brubesetning på hurtiggåande fartøy
  • Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlige egenskaper:

    Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trivst med å leie og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Fleksibel vaktordning: 12 dagar på og 16 dagar av.
  • Hybelordning ved Kleppestø kai i arbeidsperioden.
  • Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
  • Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    12.12.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5013, BERGEN
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6473425
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA