Bedrift
Alsaker Fjordbruk ASSøknadsfrist
31.05.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FiskeoppdrettUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5694, ONARHEIM
TYSNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6210160Se her for andre jobber fra Alsaker Fjordbruk AS
Alsaker Fjordbruk AS
Bjøvle bruk søkjer driftsoperatør
Bjølve brukFiskeoppdrett
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no.
Bjølve Bruk AS er eit settefiskanlegg i Alsaker Fjordbruk konsernet, med ein produksjon på 2,5 mill. smolt. I tillegg produserer anlegget om lag 3 mill. yngel og settefisk. Anlegget har gjennomgått ei større ombygging og står fram som eit topp moderne settefiskanlegg.
Me er lokalisert i Ålvik i Hardanger, om lag 30 minuttar frå Norheimsund, og er totalt 7 motiverte og kjekke tilsette som no søkjer ny medarbeidar
Ein driftsoperatør sine daglege oppgåver er mellom anna
- Fôring, kontroll og tilsyn av rogn, yngel og smolt
- Drift av utstyr og anlegg
- Produksjons- og kvalitetsoppfylging
Ynskjelege kvalifikasjonar:
- Ansvarsbevisst, engasjert og bidragsytar i arbeidsmiljøet
- Er sjølvstendig og fleksibel, med evne til å stå på når det trengs
- Har teknisk innsikt og evnar å setje seg inn i tekniske løysingar
- Me oppmodar personar med lokal tilknyting om å søkja.
- Har du utdanning eller erfaring innan akvakultur, er det eit stort pluss!
Me kan tilby deg:
- Jobb i eit av dei leiande norske oppdrettsselskapa for produksjon av laks
- Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
- Moglegheit for fagleg utvikling
Opplæring vil bli gjeven. Driftsoperatør må pårekna å delta i alarm- og helgevaktordning på anlegget, med fleksibel avspaseringsordning.
Løn og tiltreding etter avtale.
Bedrift
Alsaker Fjordbruk ASSøknadsfrist
31.05.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FiskeoppdrettUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5694, ONARHEIM
TYSNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6210160Se her for andre jobber fra Alsaker Fjordbruk AS