• Bedrift
    Tersan Havyard
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    5-8 år
  • Ønsket Språk
    norsk, engelsk
  • Adresse
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    hyllestad
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6204322
  • Se her for andre jobber fra Tersan Havyard

Spørsmål rettes til

Marita Lavik
tlf: 97523599

Ledig stilling

Tersan Havyard

Er du ein inspirerande leiar som likar å være tett på produksjonen?

Produksjonssjef

Skipsbyggerier og -verft

Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av alle typar maritime konstruksjonar frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har gode fasilitetar for å utføre eit godt og effektivt arbeid, og har over 100 års erfaring med skipsbygging. På grunn av aukande aktivitet og ei solid ordrebok ser vi etter fleire medarbeidarar.

Som produksjonssjef vil du ha ei nøkkelrolle i å utvikle og optimalisere vår produksjon. Hjå oss vil du få moglegheita til å jobbe i eit innovativt miljø med spennande utfordringar og sterkt fokus på bærekraftig vekst. 

 

Som Produksjonssjef har du det overordna ansvaret for produksjonen inkludert:

  • leie og følge opp den daglege produksjonen, med ansvar for effektiv drift og kvalitet
  • personalansvar for produksjonsleiinga - motivere, utvikle og bygge eit sterkt lag
  • tett samarbeid med andre avdelingar
  • sikre god planlegging og ressursutnytting
  • bidra til kontinuerleg forbedring og utvikling av produksjonsprosessar og arbeidsrutiner
  • sentral rolle i verksemdas leiargruppe

Me ser etter deg som har:

  • relevant utdanning innan industri, den maritime bransjen eller produksjon
  • leiarerfaring frå eit produksjonsmiljø, gjerne innan plate, røyr eller maskin
  • god forståing for produksjonsstyring, HMS og kvalitetssystem

Me tilbyr:

  • ei sentral leiarrolle i eit selskap i vekst
  • anledning til å forme og utvikle produksjonen vidare
  • konkurransedyktige betingelsar
  • eit arbeidsmiljø prega av høg fagkompetanse og godt samarbeid

Arbeidsstad er Leirvik i Hyllestad.

Stillinga rapporterer til CEO i Tersan Havyard.

Søknadar vert gjennomgått fortløpande.

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med

CEO: Sveinung Vestbø 992 07 225

Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard ? Me er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad eller ta kontakt med Marita Lavik på marita.lavik@tersanhavyard.no 

 

  • Bedrift
    Tersan Havyard
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    5-8 år
  • Ønsket Språk
    norsk, engelsk
  • Adresse
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    hyllestad
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6204322
  • Se her for andre jobber fra Tersan Havyard

Spørsmål rettes til

Marita Lavik
tlf: 97523599