Detaljer


DRIFTSLEIAR

Hardanger Fjordfrukt SA er det største fruktpakkeriet i Noreg og hadde i 2019 ei omsetjing inkl. driftsmiddelsal på 85 mill. kroner. Frukta vert levert til Bama, Synnøve Finden, TINE og lokale siderprodusentar. Hardanger Fjordfrukt SA har 6 fast tilsette i tillegg til 35 sesongarbeidarar. Pakkeriet opna i juli 2004 og er lokalisert på Utne.
Hardanger Fjordfrukt SA driv ein kontinuerleg prosess for å levera optimalt marknadstilpassa produkt. Verksemda er leiande med å ta i bruk nye styringsverktøy og maskinelle løysingar.

Me søkjer etter Driftsleiar

Me søkjer ein analytisk og resultatorientert person som skal bidra til at Fjordfrukt gjennom gode produkt og arbeidsprosessar leverer forventa høg kvalitet til sine kundar. Stillinga rapporterer til dagleg leiar. Det er ynskjeleg med høgare utdanning, men relevant praksis kan kompensera for dette.

Hovudarbeidsoppgåva til vår nye driftsleiar er å kvalitetssikra vareflyten i Fjordfrukt, frå mottak via kjøling, pakking til levering.

Søknadsfrist: 20.03.2020

For fullstendig søknad sjå: Finnkode 171648479

 
Registrer deg på Karriere.no
  • Karriere Jobbmatch
  • Bedrifter ser relevante kandidater
  • Kom i kontakt og motta jobbtilbud
  • Du velger selv din synlighet
  • Over 90.000 registrerte kandidater