• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    07.02.2021
  • Anställningsform
    workTime.Kveld
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3389030
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 21.01.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sogndal kommune

Bibliotektilsett 40% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kommunen har 11.864 innbyggjarar og har hatt stor vekst i folketal dei seinare åra. Kommunen kan tilby storslått natur med høge toppar og djupe fjordar. Det er særskilt gode mogelegheiter og godt miljø for friluftsliv både vinter og sommar. Samtidig er det eit godt lokalmiljø og koselege sentrumsområde med «alt» det urbane ein treng, deriblant eit variert kulturliv. Sogndal bibliotek har avdelingar i alle dei tre sentra, hovudbiblioteket ligg i Sogndal, med avdelingar i Leikanger og Balestrand.

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.

 

Stillingsinformasjon

Det er ledig 40% fast stilling som bibliotektilsett ved Sogndal bibliotek frå 01.03.2021.

Stillinga er tilknytt biblioteket si avdeling i Leikanger, ettermiddag- og kveldsvakt inngår.

Stillinga vert løna som sekretær, ev. etter kvalifikasjonar.

 

Arbeidsoppgåver

- Skranketeneste med rettleiing av publikum.

- Oppgåver knytt til dagleg drift av biblioteket.

- Formidlings- og arrangementsverksemd i biblioteket sin regi.

- Kontakt ut mot skular og barnehagar i Leikanger.

 

Krav til kompetanse

- Utdanningsnivå tilsvarande fagbrev.

- Erfaring frå bibliotek, skule eller kulturaktivitet.

- Gode data-kunnskapar.

I særskilde høve kan dette fråvikast.

Me søkjer

Me ser særleg etter deg som har gode samarbeidsevner, munnlege og skriftlege framstillingsevner og formidlingsglede. Vidare at du er kreativ, løysingsorientert og sjølvstendig. Ynskjer du å vere med å utvikle avdelinga vår i Leikanger til å bli ein aktiv og relevant aktør i lokalsamfunnet? Då er du velkommen som søkar.

 

Me tilbyr

- Spanande arbeid der me skal utvikle avdelinga til ein aktiv kulturaktør i Leikanger.

- Ein god arbeidsplass med gode kollegaer.

- Godt samarbeid med kulturaktørar i kommunen.

- Løn etter gjeldande avtaleverk.

- Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kun søknader sendt via EasyCruit vert tekne i betraktning.

 

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    07.02.2021
  • Anställningsform
    workTime.Kveld
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3389030
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 21.01.2021