• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    06.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5006, BERGEN
    BERGEN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6668435
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Bemanningskoordinator - ein nøkkelperson i drift

Ferger

Som Noregs leiande ferjeselskap er Fjord1 leverandør av samfunnskritisk infrastruktur over heile landet, med drift av viktige ferjestrekningar og sentrale hurtigbåtruter. Frå desember 2026 er det ei glede for oss å overta passasjerbåtrutene mellom Bergen og Sogn.  

I samband med dette utvidar vi no bemanningskoordinator-teamet vårt med ein ny fast medarbeider.  

Som bemanningskoordinator er du med å sikre at fartøyene våre alltid har rett mannskap om bord. Hos oss får du ein kvardag med stor grad av samarbeid, oversikt og tillit – og ei rolle som betyr mykje for dei som jobbar på sjø. Du blir ein viktig del av laget som held drifta i gang, og du får jobbe tett saman med både mennesker og system.

Arbeidsdagen er variert og til tider hektisk. Du blir ein del av eit fellesskap der vi spelar kvarandre gode gjennom brei kompetanse, respekt og godt humør. 

Som bemanningskoordinator jobbar du i eit lite, tett team med operativ leiar og teknisk inspektør. Saman har de ansvar for ei portefølje av fartøy, og sørgjer for bemanning, planlegging og presise prosessar gjennom heile året. Du har kontakt med mannskapet dagleg, og vert eit bindeledd mellom sjø og land.

Kvardagen inneheld både planlegging, raske endringar og administrative oppgåver. Du skapar gode relasjonar, likar å jobbe stukturert, samtidig som du omstiller deg raskt. Du jobbar sjølvstendig, men står aldri åleine – vi finn løysingane saman!

Kvalifikasjoner:

  • trivst med struktur, oversikt og variasjon
  • er trygg i bruk av digitale verktøy som arbeidsreiskap
  • samarbeider godt og bidreg aktivt i team
  • kommuniserer tydeleg – også når ting endrar seg
  • har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • har relevant høgare utdanning, men erfaring kan kompensere

Personlige egenskaper:

  • roleg og løysingsorientert i ein kvardag med mange omskifte
  • god med folk, og flink til å bygge og halde på relasjonar
  • sjølvstendig når du treng det – og lagspelar når det krevst

Vi tilbyr:

  • ei sjølvstendig rolle med stor påverknad på drifta
  • opparbeide deg erfaring i Norges leiande ferjeselskap, der det fort kan dukke opp nye moglegheiter
  • eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • moglegheit til å lære, utvikle deg og få meir ansvar
  • konkurransedyktig løn
  • blant marknadens beste pensjons- og forsikringsordningar
  • fleksible arbeidsordningar
  • spennande velferdsordningar og dyktige kollegaer
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    06.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5006, BERGEN
    BERGEN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6668435
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA