Hallingdal Lyd AS
Hallingdal Lyd vart etablert tidleg på 90-talet i samarbeid
med Hellbillies. Etter å ha vore på vegen med Hellbillies i nesten 20 år var
det på tide med eit løft i utstyrsparken, samt utvide kundegrunnlaget.
I 2009 vart det investert kraftig i firmaet, og
selskapsformen vart omgjort fra ANS til AS. Drifta dreia så meir mot
utleigemarknaden, då behovet for ein heilproff utleigeaktør i Hallingdal og
omegn var tilstades.
Idag gjer Hallingdal Lyd det meste som skjer av arrangement
med tekniske behov i Hallingdal, men har framleis stor kapasitet og samarbeider
gjerne med nye kundar og aktørar.
Nokon av dei me jobbar tett med til vanleg er artistar som
Hellbillies , Valkyrien, Staut og Jonas Fjeld. Me leverer lydproduksjon til
TrollRock på Beitostølen, 1.mai festival i Hemsedal, Ekstremsportveko på Voss,
Skarverennet og Hallingmarken. Me har alltid samarbeid tett med folkemusikkmiljøet
på austlandet og leverer totalproduksjon til dei fleste folkemusikkarrangementa
i regionen.
Me er i dag drive og eigd av Tor Magne Hallibakken, Øystein
Etterlid og Sture Moslåtten. Med på laget har me tre fast ansatte; Adrian
Knutsen, Bjarte Laa og Dominik Schidt Phillip. Etter å ha slått oss saman med
Moslåtten Produskjoner i 2020, er me no totalleverandør innafor lyd, lys og
scene.
Gå med i vår kandidatbank
Tycker du att vårt företag ser spännande ut? Anmäl ditt intresse, vi vill gärna ha dig i vår kandidatbank. Ställ dig först i kön och bli kontaktad när vi behöver folk.
Lediga tjänster
Vi har inga lediga tjänster just nu.