• Bransje
    Lydutstyr
  • Bedriftstype
    Privat aksjeselskap
  • Organisasjonsnummer
    996499499
  • Antall ansatte
    6
  • Nettside
    Hallingdal Lyd AS
  • Adresser
    Kuluvegen 1
    3570  ÅL

Hallingdal Lyd AS

Hallingdal Lyd vart etablert tidleg på 90-talet i samarbeid med Hellbillies. Etter å ha vore på vegen med Hellbillies i nesten 20 år var det på tide med eit løft i utstyrsparken, samt utvide kundegrunnlaget.
I 2009 vart det investert kraftig i firmaet, og selskapsformen vart omgjort fra ANS til AS. Drifta dreia så meir mot utleigemarknaden, då behovet for ein heilproff utleigeaktør i Hallingdal og omegn var tilstades.

Idag gjer Hallingdal Lyd det meste som skjer av arrangement med tekniske behov i Hallingdal, men har framleis stor kapasitet og samarbeider gjerne med nye kundar og aktørar.

Nokon av dei me jobbar tett med til vanleg er artistar som Hellbillies , Valkyrien, Staut og Jonas Fjeld. Me leverer lydproduksjon til TrollRock på Beitostølen, 1.mai festival i Hemsedal, Ekstremsportveko på Voss, Skarverennet og Hallingmarken. Me har alltid samarbeid tett med folkemusikkmiljøet på austlandet og leverer totalproduksjon til dei fleste folkemusikkarrangementa i regionen.

Me er i dag drive og eigd av Tor Magne Hallibakken, Øystein Etterlid og Sture Moslåtten. Med på laget har me tre fast ansatte; Adrian Knutsen, Bjarte Laa og Dominik Schidt Phillip. Etter å ha slått oss saman med Moslåtten Produskjoner i 2020, er me no totalleverandør innafor lyd, lys og scene.


Join our Candidate Bank

Are you interested in our company? Connect to our Candidate Bank. You will be first to know about our job openings.

 

Open positions

We have no open positions at this time.