• Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    31.05.2021
  • Anställningsform
    workTime.Heltid
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3811177
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune
  • Uppdaterad 10.05.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Giske Kommune

Barnevernskonsulent - vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du ein person som likar utfordringar, er strukturert, målretta og god på samarbeid? Kanskje er du på utkikk etter ein krevjande, men spanande og lærerik arbeidskvardag? Vi har ledig 100 % vikariat som barnevernskonsulent i om lag eitt år frå september/oktober 2021.

Barneverntenesta i Giske kommune er organisert i eining Barn, familie og helse. Andre tenester i eininga er helsestasjonen, PPT, legetenesta, fysio- og ergoterapitenesta, kommunepsykologen og psykisk helseteam for barn og unge. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenestene i eininga og elles i kommunen, med fokus på barnets beste og tidleg innsats.

Barneverntenesta har kontor på rådhuset på Valderøya med for tida gratis parkering og 10 minutt med bil frå Ålesund. Barneverntenesta i Giske har 8 tilsette, der avdelingsleiar er næraste overordna og barnevernsleiar i kommunen. Vi har eit høgt fagleg fokus og fleire tilsette i tenesta har gjennomført ulike vidareutdanningar og har sertifisering i foreldrerettleiingsprogramma COS-P og ICDP. 

Giske kommune deltek i det interkommunale samarbeidet Barnevernvakta for Sunnmøre.  

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.

Attestar og vitnemål skal sendast i lag med søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, helst barnevernspedagog eller sosionom. Andre med relvant høgskuleutdanning kan også søkje.
  • Erfaring frå kommunalt barnevernsarbeid er ønskjeleg.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse
  • Det er ønskjeleg med tverrkulturell kompetanse
  • Relevant vidareutdanning er også ønskjeleg
  • Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP

Personlige egenskaper:

  • Du er kreativ og utviklingsorientert
  • Du er engasjert, fagleg trygg, tydelig, fleksibel og løysingsorientert
  • Har god arbeidskapasitet, arbeider strukturert og målretta
  • Interesse for og ønskje om tverrfagleg samarbeid
  • Evne til å jobbe både sjølvstendig og saman med andre
  • God på kommunikasjon og samhandling             

Vi tilbyr:

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.     
 

  • Företag
    Giske Kommune
  • Ansökningstiden
    31.05.2021
  • Anställningsform
    workTime.Heltid
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3811177
  • Se här för andra jobb från Giske Kommune
  • Uppdaterad 10.05.2021